Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Grunnlovsjubileet skal feirast, og Wilhelm Koren Christie skal også i år få 17. mai-kransen sin. Men at han var ein aktiv forsvarar av jødeparagrafen, kjem ingen til å legge skjul på.
– Det er eit lite skår i gleda at vi ikkje kan ha feiringa der borte, seier Anne Lise Fimreite, og nikkar med hovudet mot Universitetsmuseet.
Det førre rektoratet, med Astrid Andresen og Sigmund Grønmo i spissen, la ned mykje arbeid i å planlegge korleis den norske grunnlova skulle feirast ved UiB. Sigmund Grønmo la også breisida til for at jubileumsfeiringa kunne leggast til ein festpynta og nyrenovert museumsbygning. Diverre kom ikkje løyvingane som trengtes for å sette den nye storstua i stand i tide.
17.mai-generalen Fimreite
Rekoratet vil ikkje la dette stå i vegen for ei storstilt feiring. Festprogrammet er i gang, med bokutgjevingar, seminar og foredrag. På sjølve nasjonaldagen vil rektoratet opne dørene til Muséplass 1.
– Vi skal ha 17. mai-frukost for tilsette med familiar. Etter kransenedlegginga ved Christiestatuen blir det klassisk 17. mai-mat her i huset, før vi går saman til hovudprosesjonen, seier Anne Lise Fimreite. Ho har vore leiar av komiteen som har arbeidd med programmet for grunnlovsjubileet.
Sjølvkritikk og maktkritikk
– Universitetet skal vere med og bygge demokratiet og nasjonen. Men universitetet skal òg vere kritisk til makta, seier prorektor Anne Lise Fimreite.
Prøver ein å lære seg norgeshistoria ved å lytte til 17. mai-talar, kan ein få inntrykk av at det var akkurat denne maidagen i 1814 at sjølve humanismen, kjærleiken og verdsfreden vart innført i Norge.
Heilt slik var det ikkje.
Kvar nasjonaldag blir Wilhelm Frimann Koren Christie heidra med blomster og blåsarar. Men sjølv Bergens mest kjente Eidsvollmann og grunnleggar av universitetsmuseet i Bergen, var faktisk heilt pro paragrafen som sa at Jøder ere fremdeles udelukkede fra Adgang til Riget.
– Vi vil ikkje berre ha nasjonalromantikk. Vi ønskjer også å ha eit kritisk blikk på 1814-demokratiet, seier Anne Lise Fimreite. Programmet finn du her.
Det store «vi» på Dei kulturhistoriske samlingar
Utstillinga «Vi 1814 – 2014» opnar 12. mai i Dei kulturhistoriske samlingar, og vil stille spørsmål om kva og korleis den politiske kulturen, rettsstaten og folkestyret har utvikla seg frå 1814 og til i dag. Om korleis «vi» har endra oss gjennom desse to hundre åra. Og om dei som ikkje vert rekna med når «vi» skal snakke om «oss» sjølve.
Utstillinga rettar seg spesielt mot ungdom mellom 15 og 25 år, og gjer bruk av lyd, lys, fysiske installasjonar, animasjonar, gatekunst og film.
– Denne utstillinga ser eg verkeleg fram til, seier Anne Lise Fimreite.
– Elles gler eg meg til Festmøtet som skal haldast i Korskyrkja. Dette er eit arrangement etter ein idé av professor Anders Johansen. Her vert politiske talar frå Bergen sine fire Eidsvollmenn framførte av skodespelarar frå Den Nasjonale Scene, og sett inn ein dagsaktuell kontekst. Korskyrkja er valt fordi det var akkurat her ein trur at Jonas Rein avla eiden sin før han reiste til Eidsvoll, fortel Anne Lise Fimreite.
Grunnlovsfeiring i Sør-Afrika
UiB sitt jubileumsprogram vil halde fram også etter at rømmegraut og folketog er fordøydd, med fleire arrangement også etter sommaren og til hausten.
Norge er heller ikkje det einaste landet som har grunnlovsjubileum i år. Sør-Afrika si grunnlov fyller nemlig tjue år til hausten. Ei rekke forskarar, Anne Lise Fimreite og viserektor for internasjonalisering, Anne Christine Johannessen, skal reise til Johannesburg for å møte Sørafrikanske kollegaer.
– Vi vil ha ein konferanse i Johannesburg der vi møter Sørafrikanske forskarar og diskuterer korleis universiteta si rolle som demokratibyggar og nasjonsbyggar best kan utviklast, seier prorektoren.