Forskarane gjekk i tog rundt forskingsskipet R/V Lance. Foto: Mats Granskog, Norsk polarinstitutt

17. mai på 81 grader nord

Publisert

Forskarane ombord i R/V Lance gjekk i det som må vera verdas nordlegaste 17.maitog.

– Me har i dag delteke i verdas nordlegaste 17. maitog, sunge nasjonalsongen, hatt 17. maileikar på sjøisen, høyrt kapteinen tala, ete pølser til lunsj og is til kaffien.

Slik skildrar professor Lars Henrik Smedsrud 17. maifeiringa ombord i R/V Lance i eit lite reisebrev til Bjerknessenteret.

To veker i Polhavet
Saman med stipendiat Ingrid Onarheim har Smedsrud drive rundt i Polhavet i over to veker. Snart skal dei returnera til Bergen.

– Det skal verta godt  å koma heim, skriv Smedsrud, men skriv òg at det å ha feira 17. mai i Polhavet har vore ei heilt spesiell oppleving.

Internasjonalt prosjekt
Smedsrud og Onarheim er ein del av forskingsprosjektet N-ICe 2015. Prosjektet er koordinert frå norsk polarinstitutt, og det er forskarar frå ei rekkje land med. Stipendiat Algot Peterson var om bord i seks veker frå februar til april.

Forskingsskipet R/V Lance vart fryse fast i isen i januar, og skal driva med isen i eit halvt år. Målet med prosjektet er å finna ut korleis sjøisen flyttar seg, korleis han smeltar, og korleis vatnet rører seg under isen. I dag er isen i Polhavet ein meter tynnare enn han var for 30 år sidan.

– Den tida me har vore om bord har me fått lagra over hundre profilar med ein turbulensmålar ned til om lag 300 meter, målt varmeflukser og solstrålinga direkte under sjøisen, og gjennomført andre detaljerte målingar i vassmassane heilt ned til botnen fleire gongar kvar veke, skriv Smedsrud.

Spesielt å feira 17. mai i Polhavet, seier professor Lars Henrik Smedsrud (i midten). Her saman med Ingrid Onarheim og Torbjørn Taskjelle. Foto: Martine Espeseth, UiT
Powered by Labrador CMS