Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Bunad på 17. mai? Ikkje UiB-rektor Dag Rune Olsen. Han stiller i kappe, og i tillegg med noko som er nytt av året:
— Eg har hatt ei heilt normal 17. maisløyfe, men det fungerer ikkje så godt i Bergen. Så i år har eg skaffa med ei ny, lang, humrar rektor.
— Kva er «lang» i denne samanheng?
— Me snakkar nok om om lag knelengde, seier Olsen og humrar meir.
Trønderen har budd nokre år i Bergen no, og veit at 17. mai i denne byen er noko litt anna enn elles i landet. UiB inviterer tilsette og familiane deira til frukost, deretter går ein i samla flokk for å vera med i hovudprosesjonen. Og før ein kjem til frukost, har det vorte lagt ned krans på Christie-statua på Muséplass.
— Og det er alltid morosamt å høyra mannskoret Arme Riddere, som syng sterkt nasjonalromantiske songar, seier Olsen.
— Kvifor skal UiB gå i tog?
— Det er ikkje barnetog i Bergen som i andre byar, det er prosesjon. Den handlar om å visa både breidde i samfunnslivet og entusiasme, og der har UiB ein heilt naturleg plass. Me tek på oss kappar og det me elles måtte ha som viser vår identitet.
— Dei fell fort inn i tradisjonen, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm om kollegaene som ikkje vaks opp med bergensk 17. mai.
Han meiner UiB si markering er ein tradisjon – og noko ein skal ta vare på.
— Bunad eller dress?
— Dress. I Bergen brukar ein ikkje bunad, det er i alle fall ikkje nokon tradisjon for det i min familie. I år kan det verta varmt, så eg har lært, og tek med meg ei flaske vatn til prosesjonen!
SV-dekan Jan Erik Askildsen innrømmer, noko lattermildt, at han sjølv aldri har vore eigar av ei studentlue. Men det skal han altså ha på seg 17. mai, saman med dekankappe.
— 17. mai med UiB er ei flott markering. Eg synest det ligg litt i vårt samfunnsoppdrag å visa oss fram på slike offisielle dagar. Og deltakinga frå UiB plar vera god, seier Askildsen.
Fransk-professor Kjersti Fløttum stiller òg 17. mai, og har med seg ein gjesteforskar frå England. Ho innrømmer at ho ikkje er veldig begeistra for lua ho skal gå med.
Margareth Hagen
— Men litt gøy er det. I Noreg har me ikkje dei store, flotte luene og hattane universitetsfolk har i mange andre land, men i min generasjon kunne me få studenterlua då me hadde teke artium, seier Fløttum.
— 17. mai er ein gledens dag i eit nasjonalt perspektiv, men òg ein dag som viser mykje av kultur og aktivitet i Bergen, og UiB er ein viktig del av byen.
I fjor stilte mat.nat.-dekan Helge Dahle i sunnfjordbunad, og kona Gunvor Johnsen i nordfjordbunad. Det gjer dei i år òg.
— Eg har brukt bunad på 17. mai og andre høgtidsdagar heilt sidan eg fekk han. Men eg hiv nok av meg jakka, smiler Dahle.
Han meiner det er viktig at UiB, som ein stor arbeidsplass og stor samfunnsinstitusjon, stiller i prosesjonen.
— Du er innflyttar til Bergen. Korleis er 17. mai her, samanlikna med andre stader?
Helge Dahle
— 17. maifeiringa i Askvoll var nok ikkje heilt det same som i Bergen. Men det var stor stas der òg!
Rektor stiller altså i rektor-kappe med hermelinskrage. Under: Den tynnaste dressen han eig. Prorektor Margareth Hagen kan få ein langt varmare nasjonaldag, temperaturen er venta å ligga rundt tjue varmegrader.
— Nordmørsbunad med prorektorkappe, seier Hagen om antrekk på nasjonaldagen.
— 17. mai med UiB er ein fantastisk fin ting å vera med på. Det vert ein strålande dag.