Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Aldri før har så mange studentar frå UiB reist på utveksling til utlandet som i 2004. Flest reiser til Tyskland, men Cape Town er den mest populære byen.
Innan 2008 skal 20 prosent av studentane som avsluttar ein bachelorgrad ved UiB, ha vore på utveksling. Målet er innanfor rekkjevidde, viser tala for 2004. I fjor reiste 386 studentar på utvekslingsopphald som varte tre månader eller meir. Det er ein auke på 105 prosent frå 2001. Det er dei tre store bachelor-fakulteta HF, SV og Mat.-nat. som sender ut flest studentar, med HF-fakultetet suverent på topp. Mat.-nat. har hatt den største auken frå i fjor, men dette fakultetet ligg framleis eit godt stykke unna målsettinga på 20 prosent. Profesjonsutdanningane sender ut færre, med Odontologisk fakultet heilt i botnen av lista, utan ein einaste utvekslingsstudent i året som gjekk. I statistikken frå Utdanningsavdelinga er studentar som reiser på eiga hand, såkalla freemovers, ikkje rekna med. – Men dette er uansett på veg ned. Dei aller fleste vel å reise på bilaterale avtalar eller utvekslingsprogram, seier førstekonsulent ved Utdanningsavdelinga, Jon Gunnar Simonsen. Tyskland er det landet som får flest studentar frå UiB, og også det landet som sender flest studentar tilbake. Men ser ein på byar, er Cape Town for tida den klart mest populære. 28 UiB-studentar reiste dit i 2004, medan København, Berlin og Kairo delte andreplassen med 18 studentar kvar. Elles syner statistikken at UiB sender studentar over heile verda. Både Europa, Nord-Amerika, Afrika og Australia er representert på lista over dei ti mest populære landa i 2004. Som eit ledd i arbeidet med auka internasjonalisering, tilbyr UiB no stadig fleire engelskspråklege kurs. I 2004 var det i overkant av 600 utanlandske studentar på utvekslingsopphald ved UiB. Dette er om lag like mange som året før. Også her aukar talet på studentar som kjem via avtalar og nettverk, medan talet på ”freemovers” går ned. Dette er i tråd med målsettinga UiB har for internasjonaliseringsarbeidet. For utanlandske studentar er det vanskelegare å undersøke den geografiske spreiinga: Medan ein har god oversikt over studentar som kjem frå Europa, blir kvote- og Noradstudentar ikkje registrert med nasjonalitet i utvekslingsmodulen i Felles Studentsystem. Det same gjeld mange gjestestudentar, så det er uråd å skaffe ei komplett oversikt.
Har fått større valfridom
Frå 2003 til 2004 var auken på 39 prosent. Den største auken har skjedd på bilaterale avtalar, som auka med heile 450 prosent i perioden 2001 til 2004. UiB sender ut ein større del av studentmassen enn UiO, som også har hatt stor auke i talet på utvekslingsstudentar. Det store fleirtalet av dei som dreg, er lågaregradsstudentar.
– Auken skuldast nok fleire faktorar: Vi har jobba mykje med å få til avtalar, og no har vi ein stor avtaleportefølje som gjev studentane større valfridom enn før. Utveksling er eit uttala satsingsområde for UiB sentralt, som mellom anna har ført til etableringa av Verdensrommet, og betre service til studentane. Dessutan er det nok ein generell trend å reise ut. Ved fleire fag kan ein nesten seie at ”normalen” er å ha vore på utveksling, seier Simonsen.
Cape Town mest pop
Formelt ligg ansvaret for rekruttering til utveksling hjå studieprogramma, og her er det framleis ein jobb å gjere.
– Vi ønskjer oss enno betre tilrettelegging. Studentar skal kunne gå til sitt studieprogram og be om å få opplyst kva for studiestad som passar for dei, og kvar dei kan ta fag som passar inn i graden. Nokre fag har ikkje kultur for utveksling, og det er ei utfordring å endre på. Etter at vi no har lagt mykje innsats i å byggje opp ein sentral avtaleportefølje, vil vi ha meir fokus på den tilrettelegginga som skjer på studieprogramma. Eit godt arbeid på det nivået vil også sikre betre fagleg kvalitet på utvekslingsopphaldet, meiner Simonsen.
Tilbyr kurs på engelsk
Studentane kjem inn på statistikken det året dei kjem attende frå utvekslingsopphald. Det vil seie at dei som til dømes reiste ut i haustsemesteret 2004 og kom attende i januar, blir rekna med i statistikken for dette året.