Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Kva gjer eigentleg ein president for noko? spurde USA-vitar Hilmar Mjelde.
Innføring i faget USA og det komande presidentvalet var eit av punkta på timeplanen for 300 sjetteklassingar som kom på besøk til Universitetsaulaen.
Det var tydeleg at dei følger med på det som skjer over Atlanteren.
Då Mjelde spør kven som heiar på Hillary Clinton, rekker nesten alle elevane i salen hendene i vêret med ein gong.
– Det er ikkje bra at Donald Trump vil bygga mur i Mexico, og at han er i mot homofile, seier ei av jentene i salen.
Fire ulike tema
Barneuniversitetet blir arrangert for andre år på rad ved UIB. Tanken er at sjetteklassingar frå ulike skular i Bergen skal få ein liten smakebit på studenttilværet.
Dagen bestod av fire bolkar med ulike tema, på 30 minutt kvar.
Forutan valet i USA, fekk elevane høyra om korleis ein kan identifisera folk ved hjelp av tennene deira og korleis vatnet frå jorda kan nå i toppen av eit tre. Dei fekk også læra litt om natur- og kulturlandskapet som finst på Vestlandet.
– Vil visa at me er her
Viserektor Oddrun Samdal håpar dagen kan bidra til at elevane får lyst til å komma tilbake.
– Me ønsker å gjera elevane tidleg kjent med universitetet, sånn at dei veit kva me kan tilby her. Det er ein del av samfunnsoppdraget vårt å nå ut til dei unge. Kanskje me kan stimulera til ein framtidig forskarkarriere, seier Samdal.