Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Det har vore eit privilegium å få velja kva du vil engasjera deg i fagleg, seier Trond Inge Berge. Professoren er ein av 40-årsjubilantane som vart heidra førre veke.
Tradisjonen tru inviterte universitetsleiinga førre veke til den årlege jubileumsfesten i Knut Fægris hus. Her blei dei som har vore tilsett ved universitetet i 25 og 40 år heidra med musikk, talar, mat og gåver.
Trond Inge Berge har jobba ved UiB sidan 1976. Han byrja på tannlegeutdanninga i 1969, og var ferdig i 1974. Så jobba han eitt par år i forsvaret og som skuletannlege, før han fann vegen tilbake til universitetet.
– Eg hadde tenkt å utdanna meg vidare, og då måtte det bli Oslo eller Bergen. Eg hadde jo studert her, så det var eit naturleg val at det blei UiB.
Les også: Medalje for 38 år ved UiB
– Det er veldig bra å vera her. Det har berre blitt betre og betre. Eg har sett utviklinga frå 40 år tilbake i tid og til i dag. Det har skjedd utruleg mykje. Det er ei fagleg utvikling heile tida, og me har utvikla samarbeid med universitetssjukehuset, seier Berge.
Han er professor i oral kirurgi og medisin, og har det faglege ansvaret for spesialistutdanninga på det feltet.
– Det er kjekt å samarbeida med kollegaar, og ikkje minst å undervisa studentar. Eg har kontakt med studentar som blir stadig yngre. Dei seier i frå, og har gjerne nye synspunkt på ting. Det ligg mykje personelg utvikling i samarbeidet med dei.
Rektor Dag Rune Olsen og ass. direktør Tore Tungodden saman med 40-års jubilantane som var på festen: Rolf Kristian Berge, Sissel Vik Berge, Egil Severin Erichsen, Anne Ingvild S. Gilhus, Øystein James Jansen, Stein Kuhnle, Gry Kvalheim, Torunn Selberg, Elin Furheim Zeiffert, Trond Inge Berge.
For Berge har fridomen vore ein av årsakene til at han blitt verande ved UiB så lenge.
– Det er eit privilegium å kunna velga kva du vil engasjera deg i fagleg. Ein kan stort sett bestemma sjølv. I andre jobbar er det gjerne store krav til produksjon, her er ikkje det så påtrengande.
Han har aldri vurdert å jobba andre stader
– Eg var eitt år i USA, og det var heilt greitt, men ikkje like bra som i Bergen. Eg lengta heim att til regnet, smiler 66-åringen.
Les også: Fikk kongens fortjenstmedalje
Kate Frøland er ei av 55 UiB-tilsette som i år har jobba her i 25 år. Seniorkonsulenten starta ved det odontologiske fakultetet før ho gjekk vidare til Broegelmanns forskingslaboratorium.
– Det har vore ein interessant og gjevande arbeidsplass. Eg blir nok her til eg blir pensjonist, seier ho.
For ho har arbeidsplassen vore ein inngangsport til nye impulsar.
– Det er mange utanlandske forskarar hjå oss, og ein lærer så utruleg mykje spennande om andre kulturar. Det har vore veldig berikande på mange måtar, seier Frøland (bildet).
Sjølv om Berge trekk fram fridom som ein av dei beste tinga med arbeidsplassen, inrømmer han at det nok var meir av den før.
– Eg ser at det er ein trendens til at det blir mykje meir regulering og kontroll. Det er blitt meir byråkrati. Eg skjønner at det må vera slik, men det kan signalisera mistillitt.
– Før var det mykje meir fritt, og dei gamle institutta hadde meir makt. No skal alt bestemmast sentralt. Det kan bli litt mykje. Men det er slik det offentlege fungerer, seier han med eit smil, og legg til;
– No høyrest eg vel ut som ein gammal gubbe som synest alt var betre i gamle dagar.
Professoren har ingen planar om å legga ned tannlegefrakken enno.
– Eg blir så lenge eg får lov, slår 66-åringen fast.