Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
I desse dagar fyller verdas største fysikklaboratorium femti år. Det vart feira med fødselsdagskake på Institutt for fysikk og teknologi.
Då CERN-konvensjonen såg dagsens ljos hausten 1954, var det delvis som følgje av ei frykt for at etterkrigstidas unge forskarar skulle la seg freiste av gode forskingsfasilitetar i USA. CERN tyder eigentleg Conseil Européen pour la Recherche Nucléaire, som opphavleg var eit mellombels råd sett opp i 1952, i etterkant av to UNESCO-konferansar om temaet. 29. september 1954 vart the European Organization for Nuclear Research formelt danna, men ein heldt fast ved det gamle, hendige akronymet. Noreg var mellom dei tolv medlemslanda som danna organisasjonen. Rett etter krigen vart det på initiativ frå Bjørn Trumpy og ingeniør Odd Dahl ved Christian Michelsens institutt, bygd ein van de Graaff-generator ved UiB. Det bergenske fysikkmiljøet vaks fort, men dei store kostnadene ved eksperimentell fysikk gjorde det naudsynt med internasjonalt samarbeid. Det var Odd Dahl som leia planlegginga av protonsynkrotronen ved CERN, som sto ferdig i 1960. Ein av Dahl sine konsulentar, Kjell Johnsen, vart den første fast tilsette funksjonæren ved CERN, og seinare professor II ved UiB. Han var ansvarleg for konstruksjonen av verdas første proton lagringsringar, ISR.
Fysisk institutt (no Institutt for fysikk og teknologi) ved UiB har vore nært knytt til CERN heilt frå starten av. Fredag 8. oktober inviterte instituttet til fødselsdagsseminar, der professor Egil Lillestøl heldt tale for jubilanten. Han gjekk gjennom historia til CERN, og sa også nokre ord om kva forventingar ein har til framtida, spesielt når den nye akseleratoren LHC (Large Hadron Collider) står ferdig i 2007.
– Spørjeundersøkingar har vist at det ofte er artiklar om astrofysikk eller partikkelfysikk som dreg unge menneske til naturvitskapen generelt, og fysikken spesielt. Då vil det vere veldig gale å ikkje støtte ein aktivitet som kan vere ein inngangsport til naturvitskap og teknologi, sa Lillestøl etterpå til På Høyden, med tilvising til aktivitetane ved CERN.
Nært samarbeid
Historia om CERN er difor også ei historie om fysikken i Bergen.
– Nettopp det at alle medlemslanda i CERN har gått med på å nedprioritere sin eigen innsats og heller satse på felles infrastruktur, gjer at eg som forskar kjenner eit eigarskap til det som blir utført ved CERN. Heilt sidan Gailei har Vestens viktigaste bidrag til verda si kulturhistorie vore utviklinga av fysikken. Det ville vere heilt meiningslaust å stogge no, meinte Lillestøl.
Når LHC står ferdig, vonar forskarane at det skal vere mogleg å få svar på grunnleggjande, uløyste problem som kvifor elementærpartiklane har masse. LHC vil også vere i stand til å detektere den mykje omdiskuterte, men enno aldri observerte, Higgs partikkel – dersom han finst.