55 nye doctores kreert ved UiB

Publisert

Fredag 21.01 fekk alle som tok doktorgraden ved UiB hausten 2004 heider og ære i Håkonshallen.

Til musikk frå studentar ved Griegakademiet kom alle dei nye doctores i verdig prosesjon inn i Håkonshallen for å motta sine diplom. Dei er del av det største doktorrandkullet nokonsinne ved UiB. I 2004 forsvarte 158 nye kandidatar doktorgraden ved Universitetet i Bergen. Dette er det høgaste talet nokon gong. Fredag 21. januar vart dei 55 som disputerte i høstsemesteret heidra.

Alle fakultet med doktorandar

Antall doktorander har vore jevnt høgt ved UiB dei siste åra. I rekordåret 2002 var talet 157, i 2003 var det 153, mens UiB i fjor altså fikk 158 nye doktorer. Doktorandar frå alle fakultet var representerte på lista i haustsemesteret.

Majoriteten av dei 55 doktorandane kom frå Mat.nat.-fakultetet og Det medisinske fakultet med til saman 36, Av dei øvrige fakulteta kom flest frå Hf-fakultetet med seks.Fem disputerte frå Det psykologiske fakultetet, fire frå SV-fakultetet og to grå både Det odontologiske fakultetet og Det juridiske fakultetet.

– Ei doktorgrad er ikkje byrjinga på slutten, men knapt nok slutten på byrjinga, sa dr.jur. Filip Truyen i si tale på vegne av dei nye doctores. Truyen streka under at det er viktig å ha eit nøkternt tilhøve til den autoriteten ein vert tillagt med ein doktorgradstittel.


Vi må så for å hauste

Kirsti Koch Christensen, som går av i år for siste gong var til stades på ein doktorpromosjon som rektor, snakka mellom anna om universitetet si rolle i samfunnet og universitetet som forvaltar av kunnskap.

– Det er ikke berre vår rett, men også vår plikt å identifisere og forfølge langt meir grunnleggande og langsiktige målsettingar enn dei marknaden til einkvar tid måtte etterspørje. Men igjen: Vi må aldri gløyme at vi er ein samfunnsinstitusjon - med dei pliktene som følger av den tillit vi blir vist gjennom dei omfattande ressursar vi blir tilført, sa Kirsti Koch Christensen som mellom anna også snakka om gåva frå Trond Mohn på 250 millionar kroner

Ho sa at Trond Mohn har eit klart blikk for verdien av verksemda til universitet. Og i motsetnad til mange andre næringslivsrepresentantar etterlyser han ikkje først og fremst næringsretta forsking som gjev umiddelbar avkastning.

– I tala si ved overrekkinga av den store gåva uttrykte han det han meiner så enkelt som dette: ”Først må vi så, deretter kan vi hauste.”, sa UiB-rektoren.

Powered by Labrador CMS