Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Begge rektorkandidatane er no godkjende. På lista som støttar Dag Rune Olsen står det 64 namn. På lista som støttar Kuvvet Atakan står det sju.
Det dukka ikkje opp noko ukjent rektorlag på tampen. I går gjekk fristen for å verta nominert som kandidat ut, og i dag godkjende valstyret at både Dag Rune Olsen og Kuvvet Atakan kan stilla til val. Det vert med andre ord ein valkamp med to rektorlag denne gongen òg. I På Høyden tidlegare i dag kritiserte Atakan Olsen for å ha bunde stemmer. Atakan sa at han og hans lag ikkje har ønska å spørja flest mogleg. – Kandidatane må vera synlege, og veljarane må vera frie, sa Atakan. Olsen sa at han og hans lag var opptekne av å få ei liste med underskrifter frå ulike fagmiljø og ulike stililngskategoriar. Dekan og instituttleiarar – Eg trur Dag Rune Olsen vil vera ein god talsmann for UiB både i nasjonale og internasjonale fora, seier professor Peter M. Haugan. Han har òg skrive under på Olsen si liste. – Kjem du til å røysta på han? – Det kan skje ting frå no og fram til valet. Då eg skreiv under, visste eg heller ikkje om det kunne koma eit tredje rektorlag på bana. Men eg hadde sjølvsagt ikkje skrive dersom eg ikkje meinte at Olsen var ein god kandidat og ønska at han skulle stilla som rektorkandidat, seier Haugan. To styrerepresentantar støttar Olsen – Er det problematisk at du som styrerepresentant står på ei slik liste? – No er det jo slik at det er nytt val til universitetsstyret òg. Spørsmålet vert vel at dersom Olsen ikkje vert rektor, bør eg då stilla som kandidat til universitetsstyret, seier Haugan. – Eg ser ikkje at det ikkje skal kunne gå bra. Og eg trur ikkje Atakan vil sjå på det som eit problem heller, sidan han har sagt at han ser på listene som berre ein måte å fremja kandidaturet sitt på. Haugan understrekar at han førebels ikkje har bestemt seg for om han ønskjer ein ny periode i universitetsstyret. – God kandidat – Det var tilfeldig at eg vart spurt – og så er det ein god kandidat, seier professor Tor Trolie. – Kjem du til å røysta på Atakan? – No har eg berre støtta at han og laget hans stiller. Før eg bestemmer meg for kven eg skal røysta på, må eg sjå kva meir konkret han kjem med. Det er ikkje nokon automatikk i at ein røystar på den ein skriv under for, seier Trolie. Alle namna Jarle Eid, Anette Harris , Ståle Einarsen, Arild Raaheim, Grete Line Simonsen, Kariane Westrheim, Terje Knutsen, Cornelius Cappelen, Jonas Linde, Alf Erling Risa, Tom Gundersen, Edvard Hviding, Erlend A. Horn, Erik, Knudsen, Aurora Martinez, Vigdis Vandvik, Per Lunde, Bjarne Stugu, Gry Jordet Kibsgaard, Olav Dahl, Helge Opedal, Arild Sørensen, Hans Munthe-Kaas, Inga Sofie Sårheim, Florin Radu, Rascal Dietzel, Antonella Z. Munthe-Kaas, Helge K. Dahle, Rolf Mjelde, Tor Arne Johansen, William Helland-Hansen, Ritske Huismams, Harald Walderhaug, Atle Nesje, Reier Møll Schodeiz, Kristine Lysnes, Elsa Du Plessis, Inga Berre, Jan Martin Norbotten, Harald Høiland, Runar Stokke, Knut Børve, Peter M. Haugan, Tore Furevik, Nils Gunnar Kvamstø, Øyvind Fiksen, Dag L. Aksnes, Bjørn Snorre Andersen, Daniel E. Sellæg, Frede Thingstad, Gunnar Bratbak, Anne Gro Vea Salvanes, Mikko Heino, Henrik Glennes, John-Arvid Grytnes, Frank Nilsen, Geir K. Totland, Ivar Hordvik, Elisabeth M. Lysebo, Thelma Kratt, Lise Øvreås, Anders Goksøyr, Joachim Jacobs, Kristin Bakken
Då listene vart offentleggjorde etter at valstyret hadde møte torsdag føremdidag, stod det 64 namn på lista som støttar Dag Rune Olsen sitt kandidatur. Blant namna er dekan Jarle Eid og instituttleiarane Edvard Hviding og Anders Goksøyr. Prodekan Lise Øvreås, visedekan Helge Ketil Dahle og assisterande fakultetsdirektør Kristin Bakken, alle frå Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet, er òg blant dei som står på lista.
Haugan sit i universitetsstyret. Det gjer òg Gry Jordet Kibsgaard, som òg står på Olsen si liste.
På lista som støttar Kuvvet Atakan sitt kandidatur, står det sju namn: Mathilde B. Sørensen, Berit Marie Storheim, Barbara Wasson, Torvid Kiserud, Christian Vedeler, Johan Myking og Tor Trolie.
Her er heile Team Olsen si liste: