Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dei går aldri ut på bana med den glatte sålen først. Dei held humøret oppe når isen er for varm, og når konkurrentane har ulovleg mykje flaks. Her er historia frå kampen då curlinglaget til Det juridiske fakultet prøvde å sikre seg ein plass i sluttspelet.
Kvar veke, frå oktober til april, møtes curlinglaget til Det juridiske fakultet. På beina, utanpå skoa, har dei svarte gummisålar. Den eine sålen er glatt, og gjer at ein kjem seg raskt fram når ein kostar over isen. Den andre er ruglete.
– Det første du lærer deg i curling er dette: Aldri gå ut på isen med den glatte sålen først, seier Jan-Ove Færstad. Han er postdoktor og arbeider med erstatningsrett, forsikringsrett og trygderett ved Det juridiske fakultet.
Glatt is og raske steinar
Jan-Ove Færstad har vore interessert i curling sidan Pål Trulsen og laget hans tok gull under vinter-OL i Salt Lake City.
– Det er taktikk-elementet som er det mest fascinerande, seier Jan-Ove Færstad.
Med seg på det juridiske curlinglaget har han Ingvild R. Sandhaug, Guri Lindblad, Søren Koch og Christian Franklin. Denne kampen vil vise om dei er betre enn laget til it-bedrifta CSC. Vinn dei, kan ein plass i sluttspelet vere innanfor rekkevidde.
Gjennom fem omgangar skal dei prøve å få motstandarane sine raude steinar ut av ringen. Samtidig skal dei få sine grøne steinar til å ligge i ro nærast sentrum. Dei skal fryse på hendene, juble for lagkameratane, irritere seg over at isen er for glatt. Og dei skal koste alt dei maktar.
Sjå korleis det ender i biletserien!