Å forske fra ein båt

Professor Jan Nordbotten (30) har bytta ut kontoret med ein seglbåt. Han er ein av dei ti fremste forskarane under førti år, ifølge Morgenbladet si kåring.

– Det er veldig befriande å vere professor, seier professor i matematikk, Jan Nordbotten.

På ei skrapande telefonlinje fra Amsterdam kan Nordbotten fortelle at han no er på veg fra Amsterdam til Barcelona, der han skal besøke det polytekniske universitetet. Seglbåten har vore heimen hans dei siste åra. Medan han har forskingsfri gjer den også nytta som kontor. Som assistent og mannskap har han ein post doc.

– Korleis går det å drive forsking fra ein seglbåt?

– Vi har fått utretta ein heil del. Særlig når vi ligg i hamn og ventar på bra vêr får vi gjort mykje, seier Nordbotten.

Let interessa styre forskinga
M
erittlista viser at han har utretta meir enn den jamne segleboms. Han har publisert over 40 fagfellevurderte artiklar. I 2004 fekk han Meltzerprisen på 100.000 kroner for fremragande forsking for bidrag til matematisk og numerisk analyse av utfordringane ved CO2-lagring under havbotnen.

– Nyleg kåra Morgenbladet deg til ein av landets beste forskarar under 40. Kva vil du utrette før du fyller 50?

–  Ein av dei fine tinga med stillingsskildringa er at det ikkje finnast eit openbart karrieresteg vidare. Eg føler meg heldig som derfor har ein enorm fridom til å forske på tinga eg meiner er interessante og viktig, uten å måtte ta omsyn til om det gir ein trygg veg til publisering og CV-bygging.

Betre utan produksjonspress
– Produksjonspress er ikkje alltid kompatibelt med forsking av god kvalitet. Difor er det heilt nødvendig med denne fridomen fra et vitskapeleg perspektiv, sier Jan Nordbotten.

– Kva er planen vidare?

– Eg skal vere i Barcelona i seks måneder. Etter det har eg ikkje heilt bestemt meg. Kanskje vert det eit stopp ved Imperial College i London på vegen tilbake.

 

Powered by Labrador CMS