Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Sjølv i område med stor politisk uro er det mogleg å drive internasjonalt forskingssamarbeid. Det viser eit samarbeidsprosjekt mellom UiB og Birzeit-universitetet på Vestbreidda, som no er inne i sitt tiande år.
Professor Kamal Abdelfattah ved Birzeit-universitetet er på bergensbesøk for å diskutere vidareutvikling av NUFU-prosjektet «The Lower Jordan River Basin Project». Abdelfattah er koordinator for den palestinske delen av prosjektet, som no er forlenga fram til 2006. Det er også planar om å arrangere eit møte i Bergen til hausten, med førelesingar og presentasjon av høgdepunkt frå prosjektet, for å markere dei ti åra med samarbeid som har gått. – Det viktigaste vi har oppnådd, er oppbygging av mennesklege ressursar, seier Abdelfattah. Om den politiske situasjonen i dei palestinske områda seier han enkelt at «life must go on».
Prosjektet dreier seg om ressursforvalting, både av natur- og kulturressursar. Det blir forska på forvalting av land og vatn, erosjon og miljø, historisk geografi og kulturlandskap, og arkeologi. Ei større arkeologisk utgraving er i gang i Jeriko-området, der både norske og palestinske fagfolk tek del.
Byggjer kompetanse
– Vi har satsa mykje på å byggje opp kompetanse både hos palestinarar og nordmenn. Vi har sendt fleire master- og doktorgradsstudentar frå Birzeit til Bergen og omvendt. Dette har så langt vore hovudaktiviteten vår. I andre fase av prosjektet vil vi leggje meir vekt på forsking i felt, med arkeologiske utgravingar og dokumentering av kulturminne. We don´t throw stones, we document stones! Vi vil også auke kompetansen på fjernmåling i samband med kartleggjing og forvalting av naturressursar.
Han legg vekt på at både nordmenn og palestinarar har fordelar av samarbeidet.
– Vi er glade og takknemlege for pengane og støtta som kjem frå Norge. Men vi har også noko å tilby. Norske studentar kjem til Birzeit for å lære. Og vi har kontakt med mange andre samarbeidsinstitusjonar. No går det om lag 40 prosjekt i Birzeit som er samarbeidsprosjekt med andre institusjonar.
Forskar trass i politisk uro
– Jenin, der eg bur, blir invadert av tanks om lag annankvar dag. Når eg dreg frå Jenin til Birzeit, kan eg bli skoten ved første kontrollstasjon. Eg må passere minst tre av dei kvar dag. Dei sjekkar identifikasjonspapir og ransaker bilen din, og heile tida blir du peika på med maskingevær. Mange blir drepne i slike situasjonar, berre på grunn av misforståingar. Det kan skje kven som helst, eg har vore vitne til det sjølv. Men vi kan ikkje slutte med aktiviteten vår på grunn av det. Det er ein sterk vilje hos folket på Vestbreidda og Gaza til å halde ut. Eg budde to år i Philadelphia i USA, og var meir redd når eg reiste med bil gjennom dei svarte bydelane i sentrum, enn eg er i Palestina, fortel Abdelfattah.
– Det er viktig å leggje vekt på at det er mogleg å ha eit slikt samarbeid som dette, sjølv i periodar med sterk politisk uro, seier direktør ved Internasjonalt kontor, Jan Petter Myklebust.
– No planlegg vi eit nybygg i Palestina, som skal huse eit senter for naturressursforvalting, og som skal byggje på kompetansen som er bygd opp gjennom dette prosjektet.