Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Dersom ein skal verta Senter for fremragende forskning må ein treffa ei bølgje. Og ein må gjera seg litt lekker.
Det er ei veke att. Måndag kunngjer Forskningsrådet kven som vert Senter for fremragende forskning (SFF). Dette er Forskningsrådet sitt ypperste verkemiddel for å fremja kvalitet, og ordninga gir midlar i opptil ti år. Dei første 13 sentra avsluttar sin SFF-periode til nyttår, mellom dei Bjerknessenteret for klimaforskning, Senter for middelalderstudier og Senter for integrert petroleumsforskning ( CIPR). Samstundes er fire søkjarar frå UiB komne til finalen. Det er Centre for Humanistic Legal Studies (HF), Centre for Intervention Science in Maternal and Child Health (Senter for internasjonal helse), Birkeland Center for Space Science (MatNat) og Centre for Cancer Biomarkers (MOF). Bakteriar og vulkansk stein – Det handlar mykje om timing. Ein skal vera med på å generera ei ny forskingsbølgje. Men samstundes må tide vera moden for nye idear, seier senterleiar Rolf Birger Pedersen, som òg er professor i geologi. Pedersen seier at å verta SFF ikkje er ein premie for forsking som er gjort. Derimot skal forskinga vera nyskapande. – Ein må difor satsa på ein ny generasjon. Her hos oss kombinerer me to fagområde, og målet er at dei nye forskarane skal vera flinkare til å kombinera desse fagområda enn me er. Samarbeidet mellom geologar og mikrobiologar starta med eit doktorgradsarbeid på tidleg 1990-tal. Ingunn Thorseth, som no er professor i geomikrobiologi og forskar ved senteret oppdaga nokre bakteriar som såg ut til å leva av å eta vulkansk stein. Geobiologi vart så eit strategisk universitetsprogram i 1999. – Gjera seg lekker – For å verta SFF må ein ha eit fagmiljø, ein må ha ein drivar som lagar eit konsept, og det skadar ikkje å vera på rett stad til rett tid. Det er ein konkurranse, så det handlar om å gjera seg litt lekker og pakka bodskapen inn på vettugt vis, seier Svindland. Svindland peikar på at eit SFF skal visa ein samlande ide. Det skal ikkje vera ei forlenging av eit eksisterande miljø. – For CIPR sin del handlar det til dømes om korleis ein skal få olje ut av reservoara. Dette er ein samanhengande ide, som let seg selja, seier Svindland. Men etter ti år er det slutt. Bjerknessenteret får, som På Høyden tidlegare har skrive, nokre midlar over statsbudsjettet. CIPR håpar å kunne få senteret for auka utvinning, som olje- og energidepartementet har lyst ut. Men slike løysingar finst det ikkje for alle. SFF-løyvinga krev at ein skal ha ein exit-strategi. Ønskjer faste stillingar Han seier at dei fleste tilsette ved Senter for geobiologi er doktorgradsstipendiatar og postdokar. Slik må det vera, meiner han. Men for at kompetansen vert vidareført, meiner han at nokre stillingar må gjerast faste. – Det kan til dømes gjerast ved naturleg avgang ved institutta. Me kan då få ei dreiing i forskingsprofilen, mot nye tema, seier Pedersen. Vil ha studentane med – Studentar er menneske me skal bygga opp. Dei skal få kjensla av å vera viktige – og det er dei, seier Pedersen. Han seier at dei vitskapleg tilsette som har vore knytta til SFF-en framleis har undervisningsplikt ved institutta – nettopp for å ha kontakt med studentane. Helge Drange, professor ved geofysisk institutt og forsker ved Bjerknessenteret, var inne på noko av det same då universitetsstyret hadde seminar i oktober. – Det er nok ein fordel å vera unge når ein går i gang med eit SFF-samarbeid. Ein bør òg kunne tilby studentane noko, for å halda på dei, sa Drange. – For Bjerknessenteret handla det om at me var tilstrekkeleg jamnbyrdige og tilstrekkeleg frustrerte. Tidspunktet for eit saamrbeid var rett. I fellesskap får ein utretta ting ein ikkje får gjort åleine, sa Drange vidare.
Senter for geobiologi vart SFF for fem år sidan, og har difor fem år att av sin periode. Dei fekk gode skussmål i midtvegsevalueringa som avgjer om ein får pengar til dei siste fem åra.
Arne S. Svindland er administrerande direktør ved Uni Reserach. Både Bjerknessenteret og CIPR er samarbeid mellom UiB og Uni.
– Det er mykje arbeid med slike senter, og det er ein viss risiko: Det er ikkje sikkert at dei vert ein suksess. Men for å kunne halda på kompetansen etter SFF-perioden, er det viktig at ein legg til rette for faste stillingar, seier Pedersen.
Pedersen er oppteken av å få studentane med; både doktorgradsstipendiatar, men òg masterstudentane. Han meiner at dei må få vera med på det som betyr noko, ikkje berre få tildelt rutineoppgåvene.