Pengedusj og kursdryss over studentkulturen

Publisert

I Bergen har vi eit eige kulturstyre som jobbar for å hjelpe og forbetre kulturlivet i studentmiljøet. Kulturstyret deler ut pengar, held kurs i alt frå marknadsføring til korleis ein kan søkje om midlar, og hjelper eldsjeler med å starte opp nye organisasjonar.





Dei mange tusen studentane som kvart år studerer i Bergen har eit vell av kulturtilbod å velje mellom, både når det gjeld å skape dei og å bruke dei. Men det er ikkje berre studentane sjølve som elskar denne jungelen av moglegheiter.

– Bergen er ein by som verkeleg er open og glad for kulturen som følgjer med studentane, seier Hege Fraurud (25).

Ho er jusstudent og avtroppande leiar av Kulturstyret – og har difor vore med på å dele ut til saman ein million kroner kvart år til dei tallause studentorganisasjonane i den bergenske kulturjungelen.

 

Engasjement ber frukter

Hege har dessutan personleg erfaring med at det å
engasjere seg i ei foreining kan bere frukter.

– Eg begynte å syngje i studinekoret Sirenene eit år
etter at eg begynte å studere. Eg syntest det var
kjempemorosamt og engasjerte meg umiddelbart i styret der, og det har i sin tur ført til at eg no sit som leiar av Kulturstyret. Dette er erfaringar som eg kan dra stor nytte av seinare. Ikkje minst set arbeidslivet pris på at ein har engasjert seg utanom studia når ein søkjer jobb, seier ho.

 

Sjeldan breidd

Det er ikkje noko problem å finne en organisasjon eller foreining som passar deg, i følgje Hege.

– Det som er så bra med studentkulturen her i Bergen er at tilbodet er breitt, og eg trur nok at alle kan finne noko dei har genuint lyst å vere med på som ny student i Bergen. Politikk, kor, avis, karate, orkester, teater, tv, konsertarrangering, foto, turgåing, menneskerettar, debatt, radio, idrett, ramsar ho opp, og lista er tydelegvis lengre.

 

Viktig å bli med

Kulturkvinna er ikkje i tvil om at ein bør gjere noko moro-
samt utanom pensumpugginga.

– Eg meiner at det er kjempeviktig å gjere noko kjekt utanom studia. Eg trur vi får meir ut av studia våre dersom vi utfoldar oss i privatlivet.

Sjølv trur ho det er verdt tida det tek, til tross for travle kvardagar.

– Eg tenkjer som så at eg kjem til å få igjen for det. Eg får berre vere student ein gong, og for meg er det ein del av det tilværet å vere med på å bidra til studentkulturen, forklarar ho.

– Det gjer at eg har det bra. Det er viktig å trivast som student og eg er usikker på om studietida hadde vore så positiv utan kulturengasjementet, seier ho.

Powered by Labrador CMS