Orgelskulen var først

Ferdinand Vogel var mannen bak den første musikkutdanninga med statsstøtte i Noreg.

Kring midten av 1800-talet var borgerskapet i Bergen så misnøgde med orgelarbeidet i kyrkjene i byen, at dei såg seg nøydde til å hente inn litt ekspertise. Dermed vart den tyske organisten Ferdinand Vogel henta til byen. I Nykirken i 1852 starta han orgelskulen som i løpet av førti år utdanna over hundre organistar i Bergen. Orgelskulen hans vart også den første institusjonaliserte undervisninga med statsstøtte i Noreg, ifølge musikk-kultur-no.

I dag har gode Ferdinand Vogel ein orgelklubb for barn kalla opp etter seg, Orgelklubben Ferdinand. Formålet er å rekruttere fleire organistar her i landet, ei musikergruppe det byrjer å bli få av, ifølge organist Amund Dahlen som starta orgelklubben. Orgelklubben reiser på fleire turar, og i 2006 fekk barna i orgelklubben sjansen til å spele på det store orgelet i Notre Dame, Paris. 

 

Det var altså alternativ c, Ferdinand Vogels organistskole som var det rette svaret på fredagens spørsmål. Det var det mange som visste, eventuelt med Google som ein god medhjelpar.  Det strøymde i alle fall på med korrekte svar, blant dei er Jan Olav Gatland, førstebibliotekar ved Bibliotek for humaniora. Han  får to Flaxlodd i posten, På Høyden gratulerer! 

Når det gjeld alternativ a, Torgrim Castbergs fiolinskole i fredagens konkurranse, var denne skulen berre oppspinn. Men Torgrim Castberg er likevel ikkje ein mann å kimse av. Castberg var nemleg den som grunnla det som var oppstarten til Bergen musikkkonservatorium i 1905, og som seinare vart til Griegakademiet me kjenner i dag. Les meir om Griegakademiet si historie her.

Og som sagt, Griegakademiet bidreg også med gratiskonsertar i Festspillene, sjekk Griegakademiet sin kalender for “Stikk innom” konsertane.

 

 

Powered by Labrador CMS