Eit UiB-paradis

Publisert

Som UiB-tilsett kan ein feriera på ei hytte med eigen vinkjellar og freda utedo, og i hagen har ein utsikt til staden der det truleg gjekk føre seg avrettingar.

Ferda går gjennom Kvam og innom Granvin, på delvis smale vegar fram til Kvanndal. På den andre sida av fjorden, men ikkje synleg frå ferja, ligg Tingviken. Når ein nærmar seg og parkerer, er det heller ikkje sjølvsagt akkurat kvar ein skal gå. Men så ser ein bjørkealléen som går nedover.

Den fører til eit kvitmåla hus med skifertak og dragar på taket. Det var engelske John H. Bell som kjøpte eigedommen i 1894. Ein veit ikkje så mykje om kven denne Bell var. Det er sagt at han var engelsk, men han kan òg ha vore skotsk. Uansett var han militærmann og budde på hotellet i Utne om somrane. Tomten han kjøpte var sett saman av små teigar, kanskje hadde det vore eit lite gardsbruk der. Bell fekk sett opp eit hus med eit anneks, eit naust og ein utedo. Det er eigedommen Tingviken.

Bergensar arva staden
Inne i hovudhuset er det kjøken, ei stove der det er høgt under taket, eit soverom og ein gang. Då Bell fekk bygd anlegget, truleg rundt år 1900, kom gjestene sjølvsagt sjøvegen. Sjølv fekk han rodd mat frå hotellet kvar dag. Huset er eit klassisk sveitserhus. Men det er fleire ting som kan tyda på at det er Peter Andreas Blix, som teikna kyrkja i Utne, som var arkitekt her òg. Vindauga liknar, det same gjer pofilane på takbjelkane. Sjølve plasseringa på tomten er òg typisk Blix, seier kjennarar.

Etter at 1. verdskrig tok slutt, kom Bell aldri attende til Utne og Tingviken. I 1934 fekk skipsreiar Olav Grolle Olsen frå Bergen Tingviken i gåve. Bror hans hadde vore tolk for Bell, og Grolle Olsen-familien pleidde òg å feriera i Utne. Olav Grolle Olsen og kona Louise, fødd Martens, var dei som fekk laga vinkjelleren. Ekteparet var nok godt kjende i Bergen, Louise var dotter av Einar Martens, som overtok drifta av dåverande Møllendal Asyl etter sin far. Då Einar Martens døydde i 1923, var det dotra som tok over det som på 1950-talet fekk namnet Dr. Martens sykehus, og som på 1980-talet formelt vart ein del av Sandviken sykehus.

Medan ekteparet Grolle Olsen brukte Tingviken om somrane, kom Bergens Aftenblad på besøk. Den begeistra journalisten skreiv at «I… dets blide, rolige og stemningsfulle natur, finner man fred og hvile, borte fra det moderne livs heseblesende jag, samt styrke og helsebot for sind og krop. Hverken fabrikpipernes røk, bilernes støvskyer eller menneskernes støy forstyrrer idyllen her».

Prega av forfall
Olav Grolle Olsen døydde i 1963, og kona vart sjuk på sine eldre dagar. I 1968 arva UiB Tingviken.

– Det var trøkk frå både kommunen og Hardanger folkemuseum. Men for Grolle Olsen var det viktig at UiB overtok staden, seier Åse Tveitnes.

Ho er kulturminneansvarleg og seniorarkitekt ved UiB si eigedomsavdeling.

Universitetet tok Tingviken i bruk i 1971. Olav Grolle Olsen var interessert i botanikk og var tidleg med i leiinga ved Bergen Museum. Det var nettopp tilsette ved UiB sine botaniske og zoologiske avdelingar som hadde førsterett til å bruka Tingviken. Staden skulle brukast til ferieopphald, men òg til kollokvier, kurs og seminar.

Slik var det nokre år. Men samstundes var Tingviken ein liten løyndom, ser ein i hytteboka ser ein at det er dei same namna som går att. Vedlikehald er det ikkje så mykje av, og allereie i 1991 skriv dåverande rektor Ole Didrik Lærum i ein rapport at Tingviken er prega av forfall.

Åse Tveitnes var ei helg på Tingviken i 2006. Då var takheller på veg ned, og inne i annekset fann ho roten panel. Men det var ikkje spor etter lekkasjar.

– UiB fann pengar til å få ordna taka. Me fekk òg pussa opp soveromma i annekset og i hovudhuset. Husa vart måla utvendig, og det kom opp nytt gjerde. Det var heilt naudsynt sidan det er mange tilsette med barn som ferierer her.

Arva kjøken
I dag er det to soverom i annekset, og i tillegg er det dusj og toalett i dette bygget. I soveromma er himlingen opna, slik at takhøgda er god. Vegger og tak er lyse. Inne i hovudhuset er stova som ho har vore, men på soverommet er det laga nye senger i gamal stil. Tveitnes seier at når ein skal pussa opp ein slik stad, handlar det om å ikkje gjera for mykje.

– I tillegg er ein avhengig av flinke folk. Her måtte me finna handverkarar som kan kitta vindauge, som hadde kunnskap om linoljemåling og som kunne legga skifertak. Inne har me fått inn gode senger og dusj, men elles har me ikkje gjort så mykje. Kjøkenet er til dømes arva frå eit av UiB sine hus i Villaveien. Det er enkel standard her, men meininga er jo at ein skal vera mest ute, seier Tveitnes.

Avrettingar i hagen
Frå den store hagen har ein utsikt over fjorden. Hagen er ikkje freda, men gjennom Firenze-charteret for historiske hagar er han likevel verna. I tillegg er området definert som landbruk-, natur- og friluftsområde.

Fleire gullregnar pyntar opp, og like ved ein liten knaus veks eit stort morelltre. Kanskje er det nettopp ved denne knausen mange mista livet. I eldre tider var Tingviken tingstad for Hardanger. Seinare var det alt anna enn ein triveleg stad. I 1771 fann den siste, kjende avrettinga stad her. Då var det Kari Knutsdotter Bokko frå Odda som vart halshogd. Ho vart dømt til døden for å ha teke livet av fleire av sine nyfødde barn, og for å ha medverka til drap på elskaren sin. Kva som var sant og ikkje, er umogleg å vita i dag.

Frå huset kan ein følgja bjørkealleen ned til sjøen. Først kjem ein til den gamle utedoen, som òg er freda. Det same er naustet. Båten er ny, men i naborommet står noko som absolutt ikkje er nytt: Ei innretting som har vore ei eller anna form for badekar eller kanskje ei slags badstove for ein.

Svaberga og rullesteinstranda ligg fint til. Badetemperaturen er ikkje så mykje å skryta av. Men ifølgje Tveitnes høyrer morgonbad med når ein er i Tingviken. Ho vassar ut og sym attende mot land. Slik mange UiB-tilsette, og truleg mange andre, har gjort før henne.

Sjå film om Tingviken:

 

Powered by Labrador CMS