Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Rundt år 1300 var det truleg eit yrande liv i Borgund ved dagens Ålesund. Men kva skjedde så med staden? Det skal arkeologiprofessor Gitte Hansen finna ut.
I ein boks ligg restar av eit mange hundre år gamalt ullplagg. Det vart funne under dei store utgravingane av Borgund-kaupangen ved Ålesund, som skjedde på 1950- og -60-talet. 45 000 gjenstandar vart det til slutt, og dei er lagra hos Universitetsmuseet. Men sjølv om ein har mange gjenstandar, veit ein lite om staden. Kven budde i Borgund? Kva gjorde dei der? Og kva skjedde her?
Gitte Hansen er professor i arkeologi og tilsett ved Universitetsmuseet. No har ho fått midlar frå Forskingsrådet til prosjektet «The Borgund Kaupang by Aalesund, Western Norway. Life and Death of a Small Town in the Periphery of Europe».
I 1953 fann ein dei første gjenstandane ved Borgund prestegard. To år seinare brann Bryggen i Bergen, og utgravingane starta der.
– Dette vart startskotet for mellomalderarkeologien på Vestlandet. No fann ein spor etter korleis vanlege menneske hadde levd, seier Hansen.
Asbjørn Hereteig var ein av pionerane, og totalt vart det grave i Borgundgavlen i tjue sesongar på 1950- og -60-talet. Resultatet vart at ein fann både hus, brønnar, eit kaianlegg, eit gravfelt med om lag 300 graver og spor etter det ein trur har vore tre eller fire kyrkjer.
– Dette gjer Borgund til den største kyrkjestaden mellom Bergen og Trondheim, seier Hansen.
Ho fortel at Borgund var nemnt i sagalitteraturen og seinare i skriftlege kjelder på 1300-talet, og ein trur det har vore busetnad der tidlegare, kanskje attende til vikingtida. Men etter om lag år 1500 høyrer ein ingenting om staden. Kva var det som skjedde?
For å seia noko om det, må ein vita noko om kva stad dette var. Det er det Hansen og totalt 17 medforskarar skal sjå nærare på dei neste fire åra. Frå UiB er det i tillegg til arkeologar med både ein kunsthistorikar, ein historikar, ein geolog og ein norrønfilolog. Dessutan er fleire museum, mellom anna Sunnmøre museum, som viser deler av funna frå Borgund, med. Det same er forskarar frå utanlandske universitet.
– Me lurer på kva aktivitet som gjekk føre seg i Borgund. Var dette ein sentral handelsplass med kontakt med utlandet? Var det eit regionalt knutepunkt? Og korleis var demografien? Budde det til dømes kvinner og barn i Borgund, spør Hansen.
Forskarane skal ikkje gjennomføra meir utgraving i området. I staden skal dei analysera dei funna som er gjort. Den eine ph.d.-stillinga som skal knytast til prosjektet skal sjå nærare på jern-funna.
– Det er funne mange produkt av jern. Me trur det har vorte produsert gjenstandar av jern i Borgund. Truleg har menneska her fått råjern frå ein annan stad, og så vidareforedla det. Men me veit lite om kva som så har skjedd. Har det vore ein vidaredistribusjon i Borgund? I så fall til kor, spør Hansen.
Den andre stipendiaten skal sjå på keramikk-funna. Det er funne mange spor av keramikk, men kor kjem desse frå?
– Dersom det viser seg at mykje av det er importert kan det tyda på at det har vore ein eller annan form for kontakt med andre land, seier Hansen.
Ho viser fram gamle kammar, truleg laga av reinsdyrgevir, og avfall frå skoproduksjon. I ein boks ligg det restar av eit ullplagg. Kva dette er for noko, og kor ulla kjem frå, er noko Osterøy museum skal sjå nærare på. Ein annan forskar skal studera skoa for å finna ut kva dyr skinnet kjem frå.
– Har det vore husdyrhald i Borgund?
– Det veit me ikkje. Det er ikkje bygningar der som me umiddelbart tenkjer at er fjøs. Men me veit jo ikkje så mykje om kva stad dette har vore. Har det vore eit slags sentrum, eller har det vore gardar som har lagt tett, spør Hansen.
Det er ikkje tvil om at nokon har hatt livet sitt i Borgund. Men plutseleg var det altså slutt. Det var ikkje folk att – og kvifor veit ein ikkje.
Bergensarane fekk på eit tidspunkt monopol på handel nordfrå.
– Så kanskje skuldast Borgunds død økonomiske nedgangstider eller strukturelle endringar? Me lurer òg på kva det var som var suksessfaktorane i dei 300-500 åra det var aktivitet i kjøpstaden, seier Hansen.
No gler ho seg til å gå i gang med prosjektet.
– Eg er svært nøgd med at forskarar frå så mange institusjonar vil vera med, seier professoren.