Inni naustet er det båt og redningsvestar gjestene på Tingviken kan bruka. Tingviken Utne Velferdstilbod Freda naust
Morgonbad er obligatorisk når ein er på Tingviken, meiner Åse Tveitnes. Ho fekk ikkje lokka journalisten lenger uti enn til at det var vatn til midt på anklane… Tingviken Utne Velferdstilbod Åse Tveitnes
Strand og svarberg høyrer til eigedommen. Tingviken ligg i eit LNF-område, og stranda og berga kan alle bruka til bading. Men planar om gangveg langs sjøen og lavvo på eigedommen har vorte avslått. Hageanlegget har status som historisk hage, og slik eit vern. Tingviken Utne Velferdstilbod
Er dette Noregs einaste freda utedo? Utedoen på Tingviken er i verneklasse 1, saman med hovudhuset og annekset. Vinkjelleren er i verneklasse to. Tingviken Utne Velferdstilbod Freda utedo
Det måtte ryddast mykje i hagen då husa vart pussa opp. Det veks rosespirea overalt, og tidlegare var det fleire gullregn her. Nokre har fått stå att, men dei små eksemplara av den giftige planten vart fjerna. Det er ein del gamle murar på eigedommen, som kan tyda på at det har vore noko her tidlegare. Tingviken Utne Velferdstilbod
Utne var ein kjent feriestad. Her trefte John H. Bell familien Grolle Olsen frå Bergen. Ein av Grolle Olsen-ane var tolk for Bell, og Olav Grolle Olsen og kona var dei som arva Tingviken på 1920-talet. Tingviken Utne Velferdstilbod Ferje
John H. Bell ferierte på Utne hotell. Men så kjøpte han eigedommen der han fekk bygd både hus og hage. Tingviken Utne Velferdstilbod Utne Hotell
Eit badekar? Ei slags badstove for ein? Innretninga er plassert i naustet på Tingviken. Tingviken Utne Velferdstilbod Åse Tveitnes Gamalt badekar
Åse Tveitnes har forvaltningsplanen for Tingviken framfor seg. Ho er UiB sin kulturminneansvarlege, og det vert laga ein forvaltningplan for alle UiB sine freda bygg. Tingviken er eit av dei. Tingviken Utne Velferdstilbod Åse Tveitnes
Når ein køyrer bil til Tingviken må ein parkera eit lite stykke unna. Ein kjem då til kjøkeninngangen, for i gamle dagar kom gjestene sjølvsagt sjøvegen. Bell, som fekk bygd husa, fekk all maten frå hotellet. Den vart rodd til han. Tingviken Utne Velferdstilbod
Annekset til høgre. Her var det tidlegare sengeplass til mange, dei to soveromma var innreia nærast som sovesalar. I dag er det to soverom i huset, og i tillegg dusj og toalett. Tingviken Utne Velferdstilbod
Stova er stort sett som ho har vore. Nokre av møblane er gamle, andre kom til då UiB overtok Tingviken i 1968. Tingviken Utne Velferdstilbod Interiør
Feriestaden har eigen vinkjellar. I dag er det ikkje flasker med edle dråpar som vert lagra der, men hagemøblar. Tingviken Utne Velferdstilbod Vinkjellar
I hovudhuset er det lister med sjablongmåling. Det er eitt av teikna på at Blix kan vera arkitekten. Tingviken Utne Velferdstilbod Interiør
Sveitserhuset har innslag av drakestil. Tingviken Utne Velferdstilbod Dragestil
Det store tuntreet har merke etter fleire av gjestene. Tingviken Utne Velferdstilbod Hage
I hovudhuset er det, bokstaveleg tala, stor takhøgde. Kven som teikna huset i sveitserstil veit ein ikkje heilt sikkert, men mellom anna vala som er tekne inne, peikar i retning av Peter Andreas Blix. Han teikna òg kyrkja på Utne, som var ferdig i 1895. Tingviken Utne Velferdstilbod Interiør
Åse Tveitnes frå eigedomsavdelinga var På Høyden sin guide på Tingviken. Her på soverommet i hovudhuset. Sengene i gamal stil er nye og laga av Arne Bakke Mælen. Tingviken Utne Velferdstilbod Interiør Åse Tveitnes

Tingviken i bilete

Powered by Labrador CMS