Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Når ein heiter Bernt til etternamn og bur i Bergen, er det ikkje så ulogisk å tenkja at ein er i slekt med Jan Fridthjof – jussprofessor og tidlegare rektor ved UiB. Og Camilla Bernt er dotra til far sin, og professor som han, men det var slett ikkje på grunn av han ho vart jurist.
— Eg syntest det var veldig spanande med advokatseriar på fjernsyn, som Lov og rett i L.A, humrar Bernt om 1980-talsklassikaren.
— Og då eg gjekk i 7.klasse skulle eg skriva ein stil om kva eg ville verta då eg vart vaksen. Då gjekk eg til far min og spurte om korleis ein kunne verta advokat.
Det juridiske fakultetet fyller femti år omtrent på denne tida. Det vil seia, det er juristutdanninga som jubilerer. Hausten 1969 vart det teke opp 272 studentar. To professorar, tre lektorar og to vitskapelege assistentar, i tillegg til tre administrativt tilsette som skulle stå for det faglege og praktiske. I leigde lokale i Lars Hilles gate vart juristane utdanna.
Då hadde Universitetet i Bergen allereie i to år hatt ei slags desentralisert utdanning, som var styrt og organisert frå Oslo. Før den tid igjen var det oversaksførar Emil Eriksen som sytte føre at det vart utdanna juristar i Bergen. Han hadde private manuduksjonar, altså førelesingar, frå advoktakontoret sitt i Inndalsvegen. Kandidatane kunne ta eksamen ved Universitetet i Oslo.
— Så lenge ein stod på eksamen var det ingen som spurte kor ein fekk utdanninga frå, humrar jussprofessor Jørn Øyrehagen Sunde, og legg til at Emil Eriksen si verksemd mellom anna førte til at dei første jurdiske studentforeningane i Bergen er mykje eldre enn UiB si juristutdanning.
I 1969 var juristane ein del av det dåverande historisk-filosofiske fakultetet, og deretter ein del av Det samfunnsvitskapelege. I 1980 vart det eit eige fakultet. Då var første generasjon Bernt på plass.
Camilla Bernt
— Eg hugsar eg var med far min på kontoret dersom han skulle innom der i helgene. Den gongen var det kontor i Allégaten, og eg fekk teikna med sprittusjar i ulike fargar på gamle manus, humrar Camilla Bernt.
Då det vart oppretta eit eige juridisk fakultet i Bergen, var det fordi styresmaktene såg at det vart utdanna for få juristar i Noreg. Det fortel Jørn Øyrehagen Sunde. Han skal halda føredrag om fakultetet si historie under jubileet fredag. Det vert både fag og fest når juristane skal feira seg sjølve.
— I utgangspunktet var dei fleste søkjarane til jusstudiet i Bergen frå Vestlandet eller Nord-Noreg. I dag har me søkjarar frå heile landet, men mange reiser til Oslo-regionen etter endt utdanning. For nokre vert det å flytta heim, andre flyttar austover fordi det er ein større arbeidsmarknad der, fortel Sunde.
Frå 1980-talet vart behovet for juristar brått mykje større. Det hang saman med fleire ting, som internasjonalisering og velstandsauke.
— På den eine sida trong ein juristar som kunne jobba med til dømes internasjonal handel. På den andre sida auka talet på juridiske transaksjonar den enkelte borgar vart involvert i. Til dømes når ein får meir pengar, kjøper ein fleire gjenstandar, som igjen må forsikrast, seier Sunde.
På tidleg 1990-tal var det berre litt over tjue jussprofessorar i heile Noreg. I dag er det over 120. Det har vorte produsert omlag 300 doktorgrader – 200 av dei dei siste tjue åra.
—Behovet for juristar globalt vil auka framover. Men ein vil ikkje lenger berre tilsetja juristar. Eg trur til dømes ein vil sjå at juristar, økonomar, humanistar og samfunnsvitarar jobbar saman, seier Sunde.
Han meiner det er ein fordel for jussmiljøet ved UiB at det er lite. Fram til midt på 1990-talet var fakultetet delt i to institutt. Det er det ikkje lenger, og heile fakultetet er også fysisk under same tak.
—Det gjer at det vert meir samhandling på tvers enn det kanskje elles hadde vorte. Samstundes kunne og burde me nok samarbeidd meir med resten av UiB, men det er det ikkje tid til, seier Sunde.
For dei tilsette ved Det juridiske fakultetet underviser mykje. Camilla Bernt ryddar vekk bunkar med papir og beklagar dersom hovudet ikkje heng med etter ein lang dag med undervisning. Ho var professor før ho var 40, det same var Sunde, som så vidt hadde fylt 35.
— Eg, og fleire andre, vart tilsette i ei tid då fakultetet trong fleire professorar. Me fekk først ei lektorstilling, og den hadde femti prosent forskingstid. Det var altså mogleg å få gjort ein del forsking allereie då, seier Bernt.
Ho skryt av fakultetet, og seier dei legg til rette for at førsteamanuensar skal kunne kvalifisera seg til professorat.
— Førsteamanuensar vert ikkje skviste med for mykje arbeid. Me får beskjed om at me må satsa på forskinga. Så kjem det heller litt tyngre oppgåver når professoratet er i boks, seier Bernt.
Ho har sivilprosess, mekling og konfliktteori som sine spesialfelt.
Jørn Øyrehagen Sunde
Sunde har rettshistorie som eit av sine spesialfelt. Han peikar på at tilsette allereie tidleg i karrieren får sjanse til å prega både forsking og undervisning.
— Ein får tidleg ansvar. Sjølv om me underviser mykje, er undervisninga stort sett organisert i bolkar. Det betyr at me får samanhengande tid til forsking, seier Sunde.
Bernt fortel smilande at ho, berre avbroten av utveksling til Australia og trainee-stillingar hos advokatfirma i Oslo i den tida ho framleis var bestemt på at det var advokat ho skulle verta, har vore ved UiB sidan 1997. Då ho kom som fersk student var far rektor.
—Eg har alltid kjent at eg har fått stå på eigne bein. Men nettopp fordi far min var tilsett her, har fakultetet vore ekstra nøye med at alt skal vera formelt rett, til dømes då eg vart tilsett i mellombels stilling, seier Bernt.
No har ho gitt ut bok saman med far; «God forvaltningsskikk».
— Det vert nok ein del juristprat. Mannen min er òg jurist, så det hender at nokon i familiebesøka seier at me må slutta å snakka juss, ler Bernt.