Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Den første Abelprisen i matematikk er tildelt Jean-Pierre Serre, professor emeritus ved Collège de France i Paris. Det kunngjorde Det Norske Videnskaps-Akademi 3. april.
Serre er tildelt prisen «for å spille en viktig rolle i å gi mange deler av matematikken en moderne form, blant annet topologi, algebraisk geometri og tallteori», heiter det i ei pressemelding frå Videnskapsakademiet. Forskinga til Serre har vore uunnverleg i høve til å leggje til rette for nokre av dei mest berømte gjennombrota i den seinare tid, inkludert provet for den såkalla Fermats siste sats, utvikla av Andrew Wiles som mange spekulerte i at ville få Abel-prisen.
Jean-Pierre Serre er fødd i Bages i Frankrike i 1926. Han studerte ved Ecole Normale Superieure og tok doktorgraden ved Sorbonne i Paris. I 1956 vart han professor ved Collège de France. Han har tidlegare fått både Fields-medaljen og Wolf-prisen, mellom mange andre.
Niels Henrik Abels minnefond vart etablert 1. januar 2002. Prisen er på 6 millionar kroner og blir delt ut av Det Norske Videnskaps-akademi, og det har vore knytta stor spenning til kven som ville vere den første til å stikke av med Abelprisen. I statuttane heiter det at «prisen skal bidra til å heve matematikkfagets status i samfunnet og stimulere barn og unge til å bli interessert i matematikk». Prisen blir delt ut 3. juni i universitetets aula i Oslo.
Niels Henrik Abel levde frå 1802 til 1829, og er eitt av dei norske namna som er mest kjent verda over. I løpet av eit kort liv rakk han å gjere fleire banebrytande matematiske oppdagingar. Prisen med hans namn skal fylle eit tomrom som kjem av at det ikkje finst noko matematisk motstykke til Nobel-prisen. Det finst andre internasjonale matematikk-prisar, men ingen er så stor som Abelprisen.