Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Universitetsstyret vil overvaka forholdet mellom adminsitrative og vitskaplege stillingar. Det er framleis ein vekst i administrative stillingar.
For eit år sidan gjorde universitetsstyret følgjande vedtak: «Universitetsstyret tar redegjørelsen om utviklingen av forholdet mellom ulike stillingsgrupper og økningen i antallet midlertidige forskerårsverk til orientering og ber om at forholdstallene overvåkes med sikte på å ha en forsvarlig balanse mellom grupper av årsverk for å oppfylle universitetets strategi». Torsdag skal styret handsama ei sak om forholdet mellom vitskaplege og administrative årsverk. Forslaget til vedtak er ganske likt, no heiter det at «universitetsstyret tar redegjørelsen som utviklingen av forholdet mellom ulike stillingsgrupper til orientering og ber om at forholdstallene fortsatt overvåkes med sikte på å ha en forsvarlig balanse mellom grupper av årsverk for å oppfylle universitetets strategi». Frå 730 til 800 Men samstundes viser forholdstalet mellom administrasjon og vitskapleg tilsette at det ved UiB er ein større del vitskapleg tilsette enn det er ved universiteta i Oslo og Trondheim. I same periode har UiO hatt ein vekst på 240 administrative stillingar, og NTNU har fått 187 fleire slike stillingar. Færre rekrutteringsstillingar Universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken peikar i sin kommentar på at det er viktig at det vert tilsett i ledige vitskaplege stillingar. Ho skriv at budsjettet viser at det er til dels store udisponerte midlar ved fakulteta. Samstundes vil det dei neste åra vera eit generasjonsskifte ved dei fleste fakulteta. Dette vil gi handlingsrom i åra som kjem. Hjelper dei vitskaplege Foto: Bjørn Erik Larsen og Magnus Vabø
Bakgrunnen for saka er at talet på administrative stillingar veks. Ein slik vekst ser ein ikkje når det gjeld vitskaplege stillingar.I saksframstillinga vert det vist til at det er fleire ulike bilete av situasjonen. Ei av framstillingane viser at det i 2009 var 2047 undervisnings,-forskings og formidlingsstillingar ved UiB. I andre tertial i år er talet 1931. Dei administrative stillingane har i same tidsrom auka frå 730 til 800.
Tala viser at det er fleire professorstillingar i 2011 enn i 2006, og færre førsteamanuensisstillingar. Samstundes har det vore ein kraftig reduksjon i talet på rekrutteringsstillingar. Ved UiB var det 84 fleire slike stillingar i 2009 enn i 2011 – dei fleste av dei eksternfinansierte.
Noko av grunnen til at administrasjonen veks, er strengare regulering. I sakspapira står det at til dømes strengare regulering av innkjøp og ein sterk auke i eksterne inntekter har auka behovet for administrative stillingar. Dette er mellom anna gjort for å hindra at dei vitskapleg tilsette skal bruka tida si til oppgåver andre kan utføra. Ein annan grunn til at det vert fleire i administrasjonen er nye rapporteringskrav. Dette krev administrative ressursar på alle nivå.