Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Nissene på låven, blånissar, raude nissar, Cola-nissen – det er nissar overalt og i alle kanalar.
Wigdis Espeland kallar seg sjølv emeritusse, ho er pensjonert amanuensis i kulturvitskap og har forska på jul og tradisjonar i ei årrekkje. I år har På Høyden nemleg invitert nokre forskarar som kan meir om noko «julete» enn oss andre. Dei stiller spørsmål til lesarane. Svarar du rett, kan du vinna ein velsmakande premie. Denne veka er det altså Espeland som stiller spørsmåla. Svar på dagens spørsmål sender du som vanleg til tips@pahoyden.no, og me må ha svaret innan torsdag klokka 10. Tysdag var spørsmålet kva som er vanlegast som julemat, i tillegg til pinnekjøt og svineribbe. Mange har svara kalkun, lutefisk og torsk. Det er korrekt, i tillegg er det nokre som et svinesteik julaftan - og sikkert ein del som et noko heilt anna. Hilde Jacobsen er trekt ut som vinnar, gratulerer!
Dagens spørsmål:
Korleis ser den tradisjonelle, norske nissen ut?