Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Kvar dag i desember vil På Høyden presentera ein ny nisse. Og skjerp sansane: Nissen presenterer eit spørsmål. Svarar du rett, vert du med i trekninga av dagens premie.
–Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
–Eg må på julekonsert. Både med koret eg sjølv er med i, og så likar eg å høyra anten Juleoratoriet eller Händels Messias.
–Er det noko julestemning på UiB? Eller kan det verta det?
–Det er veldig kjekt når konserveringsavdelinga kjem på Lucia-besøk. Dei syng og deler ut peparkaker. Dei er rundt på museet sine avdelingar, og så plar dei koma hit til oss, sidan me har mykje med dei å gjera.
–Ribbe eller pinnekjøt? Eller noko heilt anna?
–Eigentleg lutefisk, det vaks eg opp med. Det et heile familien, med rikeleg med bacon og lutefisk til. Og så må me ha mjølkesuppe og potetkaker til. Og kålrabi i skiver.
–Har du ein favorittjulesong?
–Dei siste åra er det Nordnorsk julesalme. Den er den mest rørande. Og me syng han sjølvsagt i koret òg.
–Kva ønskjer du deg til jul?
–Pengar i statsbudsjettet slik at museumsprosjektet kan fullførast. Og så ønskjer eg meg eit klippekort på middagar heime.
–Kva ønskje har du for UiB i det nye året?
–Eg ønskjer at det skal verta ei fantastisk opning av aulaen neste haust.
Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret til tips@pahoyden.no innan kl 10 dagen etter. Då er du med i trekninga av ein velsmakande førjulspremie som kan hentast hos oss i Christies gate 13.
Dagens spørsmål:
Kva er sukat?
2. desember lurte Gro Nesse-Bremer på kva namn jernaldermenneska hadde på fjøsnissen. Det rette svaret er gardvorden (gardvordr). Han var ei vette som beskytta garden. Det var fleire som hadde funne rett svar, og den heldige vinnaren er Ingrid Solhøy.