Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Hver dag i desember vil På Høyden presentere en ny nisse. Og skjerp sansene: Nissen presenterer et spørsmål. Svarer du rett, blir du med i trekningen av dagens premie.
– Kva er den viktigaste juletradisjonen for deg?
– Eg er veldig oppteken av at det skal pyntast litt, og det blir gjerne litt lys. Det må vere stemning både ute og inne.
– Ribbe, pinnekjøt, eller noko heilt anna?
– Det blir pinnekjøt. Det har aldri vore snakk om noko anna!
– Har du ein favorittjulesong?
– O, helga natt er flott!
– Kva ønskjer du deg til jul?
– Barbermaskin. Eg er litt lei av å bruke høvel.
– Kva ønskje har du for UiB i det nye året?
– Eg ønskjer meg eit rettferdig lønssystem på driftsavdelinga, som virkar motiverande. Og at UiB kan profilere seg endå meir når det gjeld forsking.
Kvar nisse kjem til å stilla eit spørsmål til lesarane. Send svaret til tips@pahoyden.no innan kl 10 dagen etter. Då er du med i trekninga av ein velsmakande førjulspremie som kan hentast hos oss i Christies gate 13. Jakob Sande står sterkt på UiB, og svært mange visste at heimplassen hans var Dale i Sunnfjord, i Fjaler kommune. Vi trakk ut Kjell Trengereid på Eigedomsavdelinga som vinnar. Han har fått smaken for sjokolade, og svarer kvar dag. Vi gratulerer!
Dagens spørsmål: Kva helgen er julenissen basert på, slik vi kjenner han i dag?