Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Afghanistan-ekspert Arne Strand frå CMI var på Hotel Intercontinental under angrepet laurdag kveld.
Strand er forskingsleiar og assisterande direktør ved instituttet, og har fleire tiårs erfaring med å jobbe i Afghanistan.
Laurdag kveld gikk væpna menn til åtak på hotellet, som blir brukt av mange utlendingar, men og av statstilsette i landet. Minst 18 menneske er drepne, og det tok eit halvt døger før tryggingsstyrkar hadde full kontroll over åstaden.
Det blei søndag kjent at Strand var den eine nordmannen som var på hotellet.
– Vi fekk melding i natt om at han var i trygge hender. Vi veit ikkje så mykje om tilstanden hans. Men han er under kyndig medisinsk oppsikt. Vi har ingen opplysningar om at han skal vere kritisk skadd, seier CMI-direktør Ottar Mæstad til NRK.
Strand blir tatt hand om av helsepersonell, og Den norske ambassaden i Kabul bistår òg. CMI vil prøve å få Strand heim til Norge så fort dei kan.
Strand har mellom anna jobba med evaluering av den internasjonale innsatsen i Afghanistan. Han har og jobba med korrupsjon, og oppbygging av nasjonale organisasjonar.
Denne gongen var Strand på eit to veker langt opphald i landet. Trass i at dei stadig har personell i krigsområde, har CMI ikkje tidlegare opplevd at deira tilsette kjem i skotlinja på tilsvarande måte.
– Vi var i sms-kontakt med han under angrepet. Inntrykket var at han ikkje var direkte truga, seier Mæstad til NRK.