Afrika-arkeologer møtest i Bergen

Publisert

25.juni samlast 150 arkeologar frå Afrika, USA og Europa til Society of Africanist Archeologists’ Biennial Conference i Bergen. Trass i problem med krig og fattigdom har afrikansk arkeologisk forsking gått fra å vere ein veslebror til å verte ei sentral kjelde til ny kunnskap.

Vert for konferansen er professor Randi Håland, som vart valt som president i Society of Africanist Archeologists (SAFA), i Cambridge i 2000 til 2002. Som første kvinne – og første europear.

Det er første gongen Afrika-arkeologane møtest i Bergen. SAFA er den største vestlege konferansen for arkeologar som jobbar i Afrika – og konferansen går over fire dagar.

Førti av dei gjestande arkeologane er frå afrikanske land. Det er Randi Håland, som er tilsett ved Senter for utviklingsstudier, svært nøgd med.

- Årsaka til at eg sa ja til å skipe denne konferansen her var nettopp at eg såg at eg kunne få NORAD og UD til å finansiere turen opp hit for afrikanske forskarar. Det er kjempeviktig for afrikanske arkeologar å få profilert seg i Vesten.

- Mellom anna kan det bidra til å få bygd opp att forskingsmiljø som er brote saman på grunn av borgarkrig. Her tenker eg særskilt på dei som kjem frå Sudan til denne konferansen, seier Håland. Frå å vere det beste fagmiljøet på arkeologi i Afrika på 1980-talet er det no berre restar att av arkeologisk insitutt på universitetet i Khartoum.

Afrikansk arkeologi i medvind

Trass i problem med krig og fattigdom er afrikansk arkeologisk forsking svært oppegåande for tida og har gått fra å vere ein veslebror til å verte sentrum for arkeologisk interesse.

Bakgrunnen er sensasjonelle funn som viser at ikkje berre blei arten det moderne menneske (Homo Sapiens Sapiens) utvikla syd i Afrika, men også moderne adferd. Dermed ikkje i Europa slik ein tidlegare har trudd.

Sentrale tema på konferansen er tidleg jordbruk, jernalder og indikasjon på moderne atferd. Til Bergen kjem dei mest kjente forskarane innanfor desse felta. Blant desse er sør-afrikanske Chris Henshilwood som er kjent for å ha leia utgravingane i Blombos Cave, Sør-Afrika, som altså endra heile synet på kvar moderne åtferd og symbolbruk oppstod.

Eit anna stort namn Stanley Ambrose frå University of Illinois. Han er kjent for forsking innan genetikk og språk, særlig i relasjon til forståinga av forhistoriske migrasjoner. Vidare kjem Ben Smith, som er direktør ”Rock Art” senteret ved University of the Witwatersrand, Sør-Afrika.

Svært kjent innanfor faget er også Francesco d’Errico frå Institut de Prehistoire et de Geologie du Quaternaire, Frankrike. d’Errico jobbar med neandertalarar og prøver å sjå på arkeologiske bånd mellom Afrika og Europa.


Har forska bredt

Håland trur årsaka til at det har komme viktige gjennombrot i Afrika er at ein har hatt høgt kvalifiserte forskarar som har jobba med svært aktuelle tema når det gjeld å forstå menneskleg utvikling. Sjølv er ho også sentral i afrikansk arkeologisk forsking.

Håland har jobba i ei rekke afrikanske land, frå Sudan til Zimbabve, Mali, Tanzania og Etiopia. Ho har også forska på ei rekke tema frå jernalder til swahilihandel og etnoarkeologi, og over eit langt tidsspenn. Ho har ei særskilt interesse for keramikk og har sett på rolla til Afrika i innovasjon av keramikk frå eit feministperspektiv.

- Utviklinga av keramikk vart truleg gjort av kvinner. Dette la grunnen for å koke maten som førte til at fleire spedbarn overlevde, noko som igjen førte til ein en kraftig auke i folketalet, seier Randi Håland.

I tillegg til ein stor forskingsproduksjon er Håland også den europeiske arkeologen som har utdanna flest afrikanske arkeologar, med dei nye studentene som kommer i august blir det 23. Mange av desse er no i sentrale posisjonar innanfor arkeologisk forsking.


Viser NRK-film

- Eg er svært glad for å sjå at afrikanarane tek meir og meir hand om si eiga forsking. Det er heilt klart eit aukande medvit rundt verdien av arkeologisk forsking på det afrikanske kontinentet, seier Håland.

Ho har nyleg avslutta eit prosjekt i Etiopia saman med etiopiske antropolger. Dei har forska på eit bortgøymd samfunn i fjellområda nære Sudan der ein framleis smeltar jern på gammal måte. Ein NRK-film frå det arkeologisk/antropologiske samarbeidet skal visast på SAFA-konferansen i Bergen.

- Dette blir eit svært arrangement som vi aldri hadde klart å få i stand utan den fantastiske innsatsen til Senter for utviklingsstudier, avsluttar Randi Håland.

Powered by Labrador CMS