Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Måndag stilte han med lysbildeshow for å freiste studentar til å reise til Cape Field School i Sør-Afrika. Tysdag skal professor Chris Henshilwood snakke om dei unike arkeologiske funna sine hos Selskapet til Vitenskapenes Fremme.
Gjennom utgravingar i den såkalla Blombos Cave i Sør-Afrika, har professor Henshilwood, som er tilknytta Senter for utviklingsstudiar ved UiB, gjort funn som gjer at det moderne mennesket kan daterast 30.000 lenger tilbake enn ein tidlegare trudde. Det har vore vanleg å rekne med at menneske med moderne levesett, som inkluderer kunst og avanserte reiskapar, først oppsto i Europa for om lag 40.000 år sidan. Professor Henshilwood og hans medarbeidarar har derimot funne smykke og andre gjenstandar i Blombos Cave som er 75.000 år gamle. Resultat frå utgravingane vart presenterte i ein artikkel i Science i april i år, og no kan altså bergenspublikummet få historia direkte frå Henshilwood sjølv. – Mange trur at dersom dei dreg på feltkurs til Sør-Afrika, er det kroken på døra for arbeid som arkeolog i Skandinavia, men det stemmer ikkje. Dette er eit breitt kurs, og de vil lære teknikkar her som kan brukast alle stader i verda, presiserte han.
Dei siste åra har arkeologistudentar frå Bergen kunna ta del i eit tre månaders undervisingsopplegg i det enorme naturreservatet der Blombos Cave ligg. Kurset tek for seg teknikkar for utgraving av arkeologiske lokalitetar, men omhandlar også dyre- og planteliv i området.
– Målet er å lære dykk å tenkje som ein jeger og sankar ville tenkt, sa Henshilwood til dei studentane som var møtt fram for å få vite meir om tilbodet.
Ikkje berre for arkeologar
Av same grunn meiner han at kurset ikkje bør vere berre for arkeologar.
– Opplegget passar også bra for sosialantropologar, botanikarar og zoologar. Vi treng ikkje eingong endre på innhaldet for at også desse skal ha utbyte av det, sa han, og la til at ein har vore i samtale med desse institutta, og at det er snakk om å inngå eit formelt samarbeid.
– Men det er ikkje noko i vegen for at studentar frå andre fagfelt enn arkeologi kan søkje allereie no, sa han.
Professor Henshilwood held føredrag om funna frå Sør-Afrika tysdag 24. august kl. 19.30 i Historisk Kafé i dei naturhistoriske samlingane på Bergen Museum.