Vestlendingane kan ha kome frå aust

Publisert

Beinreiskapar funne i hellarar i Hardanger er laga med same teknikk som reiskapar i Aust-Europa. No trur forskarane at steinaldermenneske kan ha vandra frå Russland, via nord-Finland og til Vestlandet.

Under Sævarhellaren i Herand i Jondal har forskarane funne mange reiskapar laga av bein. Utgravingane, som var leia av arkeologiprofessor Knut Anderas Bergsvik, vart avslutta for nokre år sidan. Men no har Bergsvik, som er tilsett ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, gått nøye gjennom materialet. Det betyr mange timar med mikroskoparbeid.

– Me har ikkje så mykje organisk materiale frå steinalderen, men under denne hellaren har det vorte teke godt vare på. I Herand fann me ein del reiskapar, mellom anna fiskekrokar. Det er ikkje noko nytt i seg sjølv. Men me brukte ei fin sikt då me grov ut. Det er tidkrevjande, men veldig givande. Me fann nemleg òg avfall, både kapp og uferdige ting, fortel Bergsvik.

Fransk ekspert
Sidan arkeologane fann restar frå ulike steg i produksjonsprosessen, var det lettare å sjå korleis steinaldermenneska kan ha jobba med reiskapane. Bergsvik tok kontakt med franske Éva David. Ho er forskar ved CNRS Laboratory Préhistoire et Technologie i Paris.

– David er den fremste eksperten på beinteknologi i Europa. Ho har mellom anna prøvd å laga reiskapar sjølv på steinaldervis, og ho reiser rundt og granskar dei beinreiskapane ein finn, seier Bergsvik.

Sidan arkeologane hadde funne så mange små bitar frå produksjonen, var det mogleg å laga ein heil operasjonskjede. Dei fann prefabrikata, nokre av dei tydeleg forkasta. Dei fann bein med spor av saging, hogging og drilling, og dei fann kapp.

Det var David som oppdaga at noko var annleis.

– Ein har funne fiskekrokar mellom anna i Danmark, som ser like ut dei me har funne i Noreg. Men når me no hadde materiale til å kunne seia noko om prosessen, kunne ho seia at reiskapane me har funne er laga på ein annan måte enn i det som i dag er Danmark og Nord-Tyskland, seier Bergsvik.

Teknikk frå aust
Funna tyder altså på at det har kome nokon flyttande austfrå. David har studert reiskapar frå noverande Russland vest for Uralfjella, frå Baltikum og frå nord i det som i dag er Finland. Reiskapane frå desse områda er laga med same teknikk.

– Funna frå Danmark og Nord-Tyskland viser at ein der har brukt flint til å saga. Der har dei ikkje drilla og dei har ikkje slipt.

Bergsvik viser ein liten bit av bergkrystall. Den har vorte brukt som ein drill. Hjortebeinet han ser på i mikroskop viser tydelege teikn på å ha vore behandla. Det var i hovudsak bein frå hjort som vart brukt, og dei vart både fiskekrokar, blinkar som vart brukt til å lura fisken til seg, harpunar, nåler, og som del av pilspissar.

Akkurat når det kom menneske frå aust og kor mange dei var, er vanskeleg å seia noko heilt sikkert om. Bergsvik fortel at når ein ser på reiskapar som er mellom 10 000 og 11 000 år gamle, er det som er funne i Noreg og i Danmark svært likt. Men så har det skjedd noko for mellom 9 000 og 10 000 år sidan.

–Dei første menneska som kom til Noreg kom frå sør, det er det temmeleg stor semje om blant forskarar. Men så kjem det altså eit austleg innslag. Me ser at dei etter kvart får eit sterkare fokus på fiske enn dei eldre gruppene av innbyggjarar, seier Bergsvik.

Dei som kom frå aust var innlandsjegarar som gjekk over til fiske.

– Det ser me når me ser på reiskapane, det er mykje fiskekrokar i det me har funne. Me har òg eit stort faunamateriale og veit at det var mykje fisk på denne tida, seier Bergsvik.

Han seier at dei som kom, kom raskt til kysten og tilpassa seg eit nytt liv der. Dei hadde med seg grunnleggande teknikkar som dei brukte til å laga ein ny type reiskapar. 

Dei nye funna er presentert i ein artikkel i European Journal of Archaeology, som er eit nivå 2-tidsskrift.

Frå generasjon til generasjon
Korleis samhandlinga – eller konfliktnivået – mellom dei som allereie budde i Noreg og dei nye som truleg kom har vore, veit ein naturleg nok ikkje så mykje om. Bergsvik ser at ein finn at den austlege teknologien dominerte i fleire tusen år, men at ein for om lag 4 500 år sidan fekk eit nytt skilje.

– Me må rekna med at det har vore innvandringsbølgjer, og at nye menneske har hatt med seg nye impulsar. Så kan ein sjølvsagt stilla spørsmål ved om det må ha vore ei innvandring for om lag 9 000 år sidan. Det er eit vanskeleg spørsmål. Sjølvsagt kan ein ha lært av kvarandre, berre ved å sjå på dei ferdige reiskapane. Men sidan dei teknikkane som er brukt er så grunnleggande og kompliserte, trur me dette er noko som er lært vidare frå far til son eller frå mor til dotter. Då er det lett å tenkja seg at teknikkane har kome med folka sjølve, ikkje berre som idear, seier professoren.

Om det var kvinner eller menn som laga beinreiskapane, veit ingenting om. Truleg var dette noko alle meistra. Det var truleg både kvinner og menn som kom flyttande saman, og reiskapane som er laga, er kvardagsreiskapar, der ein ikkje måtte ha ein spesialkunnskap.

Same funn når det gjeld stein
Samstundes som Bergsvik og David har funne beinreiskapar som tyder på at det har vore innvandring frå aust, er det i ei anna forskargruppe med deltakarar frå Austlandet, Sverige, Finland og Danmark som, heilt uavhengig, har gjort dei same funna når det gjeld steinreiskapar.

– Me trur menneska frå aust har kome først til Nord-Finland og Finnmark, og deretter gått sørover. Den andre forskargruppa meiner vandringa til nord truleg berre tok nokre få tiår, medan spreiinga sørover langs norskekysten har gått treigare. Me trur det gjekk ei kulturell grense like nord for dagens Nord-Tyskland og Danmark, men samstundes er ikkje den heilt vasstett. Det er alltid folk som går på tvers av kulturar, seier Bergsvik.

Powered by Labrador CMS