Instituttleiar Jan Heiret skal springa etappen på 2,8 kilometer, som heldigvis går oppover, seier han. Foto: Hilde Kristin Strand

Er dette UiB sitt sprekaste institutt?

Publisert

AHKR stiller med tre stafettlag under Bergen City Marathon lørdag. Nokre av løparane er svært godt trente, andre påstår sjølve dei er tvinga med.

– Eg er tvangspåmeldt.

Professor Tove Ingebjørg Fjell ler.

Lørdag skal ho, som elles ikkje plar trena, springa 1,8 kilometer under Bergen City Marathon. Ho deltek på eit av Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap sine tre lag under stafetten. Men Fjell får litt støtte undervegs. Kollega Julie Watkins, som er studieleiar ved instituttet, skal først springa to etappar. Deretter skal ho springa litt saman med Fjell.

– Løpehekta, seier Watkins om seg sjølv.

Kollegane fortel at ho stort sett kjem springande til jobb kvar dag – frå Fyllingsdalen.

HMS – og bankett
Å delta i stafetten er eit HMS-tiltak, seier instituttleiar Jan Heiret. Nesten halvparten av dei tilsette er med under løpet.

Heiret trivst sjølv best når det går oppover, og skal springa nest siste etappe på 2,8 kilometer.

– Det handlar om å ha det hyggeleg saman med kollegaer. Me hadde eigentleg tenk å melda på eitt lag, men så var det så mange som ville vera med, seier Heiret.

– Og så er det kjekt å springa, seier Teemu Ryymin.

Historie-professoren seier sjølv at han er brukbart trent.

– Veldig godt trent, seier dei andre, og mumlar om maraton.

Uansett har Ryymin fått æra av å springa siste etappe på sitt lag. Etter løpet vert det sjølvsagt bankett på instituttet. Dit er alle tilsette invitert.

– Kva for noko, seier Heiret, når han får høyra det.

– Dei skal jo heidra oss som spring, humrar Torunn Saunes.

Ho er studiekonsulent, og seier sjølv at ho trenar ein del på treningsstudio.

– Eg er med på ei utfordring, og kan gjerne springa litt.

Lurt med
Til ære for På Høyden trenar sprekingane litt på veksling på plassen utanfor Johanneskirken. Så langt har dei nemleg ikkje kome endå. Dei tre laga har hatt nokre fellestreningar, men ikkje så mange. Tina Jensen Granados, som er stipendiat i arkeologi, seier at ho er med av solidaritet, og at ho var betre trent før ho vart stipendiat. Ho vekslar med Pål Berg Svenungsen, som er stipendiat i historie.

– Eg passar nok betre for Tom Waits-løpet enn for Grete Waitz-løpet, humrar han.

– Eg vart lurt med av ein kollega som no har trekt seg.

Svenungsen vekslar med studiekonsulent Anne Mailin Selland. Ikkje trent, seier ho sjølv, men klar for 1,8 kilometer. Til slutt får Heiret stafettpinnen. Han gir han vidare til Frode Ulvund, som er førsteamanuensis i historie. Kollegane fortel at han har rekord på 10,50 opp Stoltzen. No syklar han til jobben.

– Eg må passa på denne til i morgon, seier Ulvund, og puttar stafettpinnen fint tilbake i posen.

Stafett-deltakarar frå UiB

Centre for geobiologi I
Centre for geobiologi II
AHKR Rask
AHKR Snøgg
AHKR Kjapp
Bio UiB
Kjeve og Ansiktsradiologi
Mental Runners (psykologi)
Lørdagsgodt (Institutt for klinisk odontologi)
Bjerknessenteret
Daledagane (Uni micro)
Uni Helse

UiB/Uni har òg deltakarar både på halvmaraton og 5-kilometeren. På Høyden tar atterhald om at det kan mangla UiB/Uni-deltakarar på lista.

Kjelde: Bergen City Marathon

Powered by Labrador CMS