Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Av dei 2,5 millionar tonn fisk som vert henta opp av norske fartøy kvart år, kjem berre 0,4-0,6 millionar tonn frå Nordsjøen.
– Eg skal koma med ein påstand, sa Nils Kolle i innlegget sitt under Christiekonferansen onsdag:
– Nordsjøen er utan større betydning for utviklinga i norsk fiskerinæring.
Kolle er førsteamanuensis ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR), og er redaktør for «Norges fiskeri- og kysthistorie» som kom i fem band i 2014.
Torsk og sild
Dersom ein ser på Nordsjøen geografisk, går grensa nordover om lag ved Stad. Det betyr at det er ein liten del av det norske sjøområdet som faktisk ligg i Nordsjøen.
– Norskerenna er eit hinder for fiske i Nordsjøen. Ein har ikkje den same typen bank-fiske her som i andre norske område, sa Kolle.
Kva fiskeslag er det som er viktigast for norske fiskarar?
– Norsk-arktisk torsk og norsk vårgytande sild. Begge desse har lite med Nordsjøen å gjera, og desse fiskeslaga er fullstendig berande, sa Kolle.
Dersom ein ser på kven som kjøper fisken, er ikkje heller ikkje nordsjølanda viktigast. Torsken, som tørrfisk og klippfisk, vert i stor grad eksportert til Spania og Brasil, medan silda vert sendt austover.
Ringnotrevolusjon
Det norske fartøy tek opp frå Nordsjøen, er i stor grad makrell og nordsjøsild. Og midt på 1960-talet skjedde det noko.
– Då auka den norske fangsten. Dette har med ringnotrevolusjonen å gjera, og plutseleg var Noreg størst på både sild og makrell. Men så vart ressursen fiska ned, sa Kolle.
I dag tek norske fartøy opp 2,5 millionar tonn fisk kvart år. Berre 0,4-0,6 millionar av desse tonna kjem frå Nordsjøen.
– Og det var endå mindre før ringnotrevolusjonen og opprettinga av norsk økonomisk sone i 1977, sa Kolle.
Han deler Noreg i to: fiske og trelast, og slo i innlegget fast at for trelastnoreg, som er området aust for Lindesnes, har Nordsjøen betydd mykje meir.
– Skagerakkysten er meir skipsfart enn fiske, sa Kolle, og konkluderte med at påstanden han kom med stemmer.
– For fiske er Nordsjøen ubetydeleg.