Marianne Bøe var i Iran i samband med doktorgradsprosjektet sitt. No er ho postdok, og ser på kva medgift har å seia for muslimar frå både Iran og andre land, som bur i Noreg. Foto: Hilde Kristin Strand

Medgift eller morgongåve?

Publisert

Medgift er viktig i islam. Men kva type medgift får unge, norske muslimar? Og kor viktig er denne ordninga for dei?

– Eg vart ganske uroa for nokre av dei unge iranske kvinnene eg trefte. Dei sa at dei ville ha roser som medgift, men eg tenkte i mitt stille sinn på korleis dei skulle klara seg dersom mannen døydde eller ville skiljast.

Det seier Marianne Bøe. Ho er postdok ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) og er nyleg i gang med prosjektet «Shari’a and Everyday Life: Shifting Practices of Mahr (Islamic Dower) in Legal Pluralistic Norway». Der skal ho sjå på forholdet mellom religiøse lover og kvardagsliv blant muslimar i Noreg.

Fleire vil ha symbolsk medgift
I islam er medgift ein obligatorisk del av ekteskapet. Det er gåva mannen gir kvinna, og som skal vera hennar økonomiske eigendom, etter at partane har sagt ja til kvarandre. Paret kan ikkje verta vigde før spørsmålet om medgift er avklart.

– I doktorgraden min forska eg på innføringa av og diskusjonen rundt ei ny familielov i Iran. Då var medgift ein del av debatten. Det ein ser, både i Iran og andre land, er to ulike ting. Ein ser for det første ein auke i summen kvinna får i medgift. Men samstundes er det stadig fleire kvinner som ikkje ønskjer ei tradisjonell medgift, fordi dei meiner ordninga handlar om kjøp og sal av kvinner. Dei ønskjer seg i staden ei symbolsk medgift, til dømes 10 000 roser.

– Vert det som ei slags morgongåve, som er ein skikk som breier seg i Noreg?

– Det vert på ein måte det. Ein ønskjer å visa at dette er eit kjærleiksekteskap.

Medgift er noko partane tradisjonelt sett forhandlar om. Dette skjer gjerne ved at partane møtest saman med kvar sin verge. Summen vert bestemt mellom anna ut frå kvinna sin status, utsjånad, utdanning og om ho har barn eller har vore gift tidlegare. Kvinna får gjerne ein del av medgifta, til dømes eit smykke, etter bryllaupet. Resten, stort sett pengar, får ho til dømes dersom mannen døyr. Dersom det er kvinna som ønskjer å ta ut skilsmisse, kan medgift fungera som forhandlingsmidel for at ho skal koma seg ut av ekteskapet.

Vestlandsprosjekt
Men korleis vert medgift praktisert i Noreg? Bøe skal intervjua unge muslimar, definert som mellom tjue og førti år, som anten er gift eller planlegg bryllaup. Ho håpar òg å koma i kontakt med nokon som er skilde.

– Eg har gjennomført dei første intervjua, og det eg kan seia allereie no, er at medgift er eit tema det er mykje diskusjon rundt, seier Bøe.

Informantane, mellom tjue og femti håpar ho å koma i kontakt med totalt,  vert henta frå hennar eige nettverk, men òg frå ulike muslimske organisasjonar og frå moskeane.

– Det er eit viktig poeng at dette prosjektet går føre seg i Bergen. Nesten av alt forsking på muslimske miljø går føre seg i Oslo, og eg synest det er interessant å sjå kva som skjer andre stader i landet, der ein kanskje ikkje har like organiserte muslimske miljø. Eg vurderer òg å ha med informantar frå Stavanger, seier Bøe.

Til Harvard
I Noreg treng ein ikkje det same tryggleiksnettet i forhold til død og skilsmisse som ein gjer i til dømes Iran. NAV og andre ordningar hjelper til, og i dei fleste familiar jobbar både kvinne og mann. Men medgift er religiøst viktig, og for mange er det utenkjeleg å gifta seg utan denne ordninga i ei eller anna form. Samstundes er medgift rettsleg viktig for mange. Mange muslimar giftar seg utan å vera innom moskeen. Anten har dei ein seremoni meir privat, utan at ein imam eller forstandar med vigselsrett er til stades, eller så giftar dei seg formelt på tinghsuet, og har ein religiøs seremoni etterpå. For den siste gruppa er alt det juridiske i orden.

– Men for dei som berre inngår eit religiøst ekteskap i privat regi, vil medgift vera juridisk og økonomisk viktig ifølgje religiøs lov. Dei er ikkje formelt sett gifte ifølgje sivilrettsleg ordning, seier Bøe.

Mange unge muslimar reiser til familien sitt heimland for å gifta seg, og kjenner nok eit behov for å følgja den religiøse praksisen. Men dette er ikkje spesielt for muslimar, meiner Bøe, og viser til både unge katolikkar og dei som er aktive i ulike frikyrkjer.

– Det hadde vore spanande å inkludera unge katolikkar eller jødar i prosjektet, dersom eg har tid i løpet av desse tre åra, seier Bøe.

Prosjektet er finansiert gjennom eit personleg postdok-stipend frå forskingsrådet si Fripro-utlysing. Bøe reknar med at det første året kjem til å gå med til intervju og tekststudium. Frå neste haust tek ho med seg familien og reiser til Harvard university.

– Der har dei eit program for studie av islamsk lov. Eg håpar å kunne utvikla ein ny metode for å sjå på religiøse lover og kvardagsliv, ikkje berre sjå på dei formelle lovkjeldene. Medgift vert ein inngangsport i dette arbeidet, seier Bøe.

Powered by Labrador CMS