Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Vi takkar Gunnar Kvåle for konkrete spørsmål knytt til etiske spørsmål kring oljerelatert forsking ved UiB. I det følgjande vil vi søkje å svare på spørsmåla i Kvåle sitt innlegg. Innleiingsvis skriv Kvåle at vi i vårt første innlegg “…ikkje går inn på dei mulige problematiske sidene ved denne type oppdragsforsking som vart peika på.” Vi prøver å svare meir omfattande på denne kritikken i eit tilsvar til Peter Haugan.
Vi vil også for ordens skyld gjerne presisere at nesten alle eksternfinansierte prosjekt ved UiB har opphav i forskarmiljøa (forskarinitierte), og er det vi kallar bidragsforsking. Andelen av forsking på initiativ av oppdragsgjevar (til dømes konsulentoppdrag), eller det som blir kalla oppdragsforsking, er tilsvarande liten. Forsking finansiert gjennom Akademiaavtalen høyrer etter desse definisjonane til det som blir kalla bidragsforsking heller enn oppdragsforsking. Vi er like fullt samde i at dei etiske sidene ved bidrags- så vel som oppdragsforsking er viktige og fortener grundig og open diskusjon.
Petroleumforskaranes fridom
Spørsmål 1: I svaret skriv de mellom anna: «Akademisk frihet gjelder også petroleumsforskerne ved UiB». Forvaltinga av Akademia-avtalen skjer gjennom regelmessige strategiseminar saman med tilsette i Statoil, og prosjekt som får støtte skal ha relevans for Statoil si verksemd på norsk sokkel. Betyr dette at forskarar som blir støtta gjennom avtalen likevel har full fridom til å velja tema for forskinga, eller er Statoil med å bestemma kva tema som har relevans for verksemda på norsk sokkel og andre detaljer i det skal forskast på?
Svar: Prosessen for tildeling av midlar frå Akademiaavtalen er som Kvåle skildrar den: Styringskomiteen med tre medlemmer frå Statoil og tre frå UiB inviterer institutt- og avdelingsleiarar til strategiseminar der det blir bedt om innspel på dei områda avtalen dekker. Dette skjer om lag kvart andre år. Styringskomiteen identifiserer deretter fire område og inviterer til prosjektforslag årleg på nokre av desse områda, men slik at alle er dekte over tid. Styringskomiteen handsamar innsendte søknader og tildeler midlar utifrå ei vurdering av fagleg kvalitet. Etter dette legg verken Statoil eller UiB føringar eller utøver kontroll på forskingsarbeidet utover at det skal leverast korte statusrapportar som inngår i den årlige rapporten for Akademiaavtalen.
Samarbeid med oljeselskap
Spørsmål 2: Statoil og andre oljeselskap (er) i dag aktørar i eit marknad for å auka produksjon og bruk av fossile brennstoff gjennom å leita etter nye reservar og auka utnyttingsgraden ved eksisterande installasjonar. Kan ein då sjå bort frå at Statoil vil vera interessert primært å støtta forsking for auka utvinning eller forsking på andre løysingar enn reduksjon i oljeproduksjonen for å hindra ei klimakrise? De skriv: «En fornying av avtalen skal legge til rette for større tverrfaglig satsing mot forsking på energiomstilling og framtidens energibehov». Er de trygge på at Statoil her vil ha same oppfatning om kva som bør prioriterast som dei ansvarleg for forskinga ved UiB?
Svar: Dei fire områda Akademiaavtalen skal dekke innleiingsvis i kommande periode, blir annonsert når den nye avtalen er underteikna. Desse områda er altså utarbeidd i samarbeid mellom UiB og Statoil og blir respektert av begge partar. I den kommande perioden vil vi arbeide for å styrke ”…tverrfaglig satsing mot forsking på energiomstilling og framtidens energibehov». Dette er signal vi ventar den nye styringsgruppa for avtalen vil drøfte og ta alvorleg.
Berekraftig utvikling
Spørsmål 3: I dei forskingsetiske retningslinene vedtatt av Den nasjonale etiske komité for naturvitskap og miljø i 2007 står det: «Forskningen skal være i overenstemmelse med bærekraftig utvikling og … bidra til å bevare biologisk mangfold og være i overensstemmelse med føre-varprinsippet». FNs klimapanel har på nytt minna oss om at utvinning av fossilt brennstoff fører til klimaendringar med svært alvorlege fylgjer for liv og helse. For å ha håp om å unngå svært alvorlege klimaskader må over to tredelar av dei fossile reservane fossilindustrien planlegg å utvinna bli verande i grunnen. På bakgrunn av dette kan då seia at forsking for å auka utvinning av fossil brennstoff er i tråd med desse vedtekne forskingsetiske retningsliner?
Svar: Dette er etter vår meining det mest sentrale, men òg mest komplekse spørsmålet i samband med oljerelatert forsking. Vi har derfor skrive eit separat innlegg om dette spørsmålet, som tilsvar til Peter Haugan. Hovudpoenget vårt i dette andre innlegget er det følgjande: Universitetet har eit viktig samfunnsansvar slik NENT-reglane seier, i å respektere prinsippet om berekraftig utvikling og bidra til ei slik utvikling på globalt og nasjonalt nivå. Vi meiner at det ikkje er grunnlag per i dag for å seie at ”forsking for å auka utvinning av fossil brennstoff” i seg sjølv er i strid med dette prinsippet. Ei berekraftig utvikling må vere økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig på same tid. Sjølv om vi alle nok er samde i at fossile brennstoff må fasast ut på sikt, er det vanskeleg å sjå for seg ein realistisk transisjon som ikkje vil måtte gjere bruk av fossile brennstoff i fleire tiår enno. Dette krev forskingsbasert kunnskap og kompetanse i petroleumsfag, òg for å finne nye og meir miljøvenlege løysingar for bruken av fossile brennstoff og finne fleire vegar ut av oljealderen. Vi held fast på at Akademiaaavtalen er ei god avtale for UiB òg i dette lyset.
Det er særs viktig at forsking ved vår institusjon er i tråd med forskingsetiske retningsliner og held høg standard. Særlig blir dette viktig når våre forskingsresultat kan ha samfunnsmessige og miljømessige konsekvensar. Debatten om kva type forsking og forskingsprosjekt som er i tråd med forskingsetiske prinsipp, er derfor særs viktig, og som leiarar ved institusjonen ynskjer vi å delta i den aktivt og gjere vårt for å halde han levende.
Rutinar for publisering
Spørsmål 4: Kva er rutinane når forskingsresultat frå eit Statoilfinansiert prosjekt skal publiserast? Må resultata fyrst leggast fram for ansvarlege i Statoil, til dømes gjennom spesielle rapportar, eller kan resultata publiserast fritt i vitskapelege tidskrift utan førehandsgodkjenning frå Statoil?
Svar: I høve til forsking finansiert av Akademiaavtalen kan forskarane publisere kva dei vil, kor dei vil utan innblanding og kontroll av styringskomiteen. I eksternfinansierte prosjekt generelt vil IPR (immaterielle rettigheiter) og publisering være styrt av juridiske kontraktar mellom involverte partnarar. Dette gjeld også for prosjekt finansiert av Statoil.
Forsidefoto:Colourbox.com