abstract 3d illustration of oil faucet in earth globe

Petroleum, tobakk og forskingsetikk

Publisert

Vi er samde med Slaattelid om at petroleumsindustrien har vore med på å driva fram velstandsutvikling og ført til mykje anna positivt. Dei positive sidene ved petroleum med industrialisering som grunnlag for ein historisk fattigdomsreduksjon er sjølvsagt større og av heilt ein annan karakter i høve til det å nyta tobakk i ulike former. Men skadane blir også av ein heilt annan karakter og omfang enn tobakksskadane om ikkje utvinning og bruk fossile brennstoff blir redusert, både raskt og betydeleg. Produksjon av fossile brennstoff på eit nivå som vi veit er større enn det som kan tålast for ei forsvarleg klimautvikling kan difor ikkje forsvarast etisk.

Det er vanskeleg å setja eit skarpt og prinsipielt skilje mellom goder frå eit nytingsmiddel og ein del av nyttene vi har frå dagens overforbruk av fossile energi. Røykjarar hevdar at tobakk verkeleg har positive sider. Ved å halda fram å røykja viser dei at dette betyr meir enn dei negative sidene dei er velkjende med. Denne sida ved tobakksbruk kan samanliknast med ein del av godene frå overforbruk av fossil energi i vår moderne sivilisasjon, som til dømes å bruka bil i staden for å gå eller feriereiser til varmare land når ein treng eit avbrot frå regn, vind eller vinter.

Det er ein viktig skilnad mellom etiske forhold knytt til petroleum og tobakk. Ved røyking skadar ein mest seg sjølv. Skadane av overforbruk av fossile brennstoff råkar primært andre, som ikkje har skuld i situasjonen rike land har ført verda ut i. Det kan knappast kallast god moral at vi sjølve fritt tek for oss og nyter dei positive sidene, når vi veit at skadane dette fører til først og kraftigast råkar fattige i andre land og generasjonar etter oss. I dag går det meste av oljeverksemda til å auka rikdom og forbruk for den del av jordas befolkning som treng det minst. Argumentet om at Noreg må auka sin produksjon av omsyn til verdas fattige er difor ikkje haldbart.  

George Monbiot, forfattar, journalist og kjend britisk kommentator, peikar også på parallellen med tobakksindustrien si støtte til helseforsking i eit innlegg i The Guardian: «Over the past few days I have asked the Shell professor of earth sciences at Oxford, the university itself and the umbrella body Universities UK to explain the ethical difference between taking tobacco money for cancer research and taking fossil fuel money for energy research. None of these great heads, despite my repeated attempts to engage them, were prepared even to attempt an answer».

Vi vil takka Slaattelid for momenta han tek opp, men er ikkje overtydde om at svaret hans er fullt dekkjande når han kritiserer samanlikninga med tobakksindustrien. Slaattelid skriv at samanlikninga kan insinuera «at det ligg ein djup kynisme bak stønad til forsking på t.d. jordvarme og energiomstilling». Det har vi aldri verken skrive eller meint. Som vi før har gjort klårt, er det forsking med formål å auka produksjon av fossile brennstoff som er etisk tvilsam. Forsking for å sikra endringar som må til for å skaffa nok energi når fossilalderen er over, som jordvarme og energiomstilling, har vi nettopp halde fram som døme på kva forskingsmidlane heller bør brukast på.

Forsidefoto: Colourbox

Powered by Labrador CMS