Norge , Nordsjøen , North Sea , Gullfaks B , Platform , Plattform, olje, klima, karbonutslipp, karbon, miljø, gass,

Klima, energi og forskingsetikk

Publisert

Debatten om Akademiaavtalen som UiB no har signert med Statoil, starta med eit lesarinnlegg av Peter Haugan i På Høyden i mars i år.  Striden har dreia seg om i kva grad forskingsetiske vurderingar bør ligge til grunn når UiB inngår avtalar om eksternt finansiert forsking eksempelvis med Statoil. Sjølv om denne spesielle avtalen har utløyst debatten, har den vidare relevans.

Det blir hevda av fleire at Statoil-støtta petroleumsforsking kan kome i konflikt med forskingsetiske retningslinjer. Resonnementet går slik: Det grunnleggande målet i forskingsetikken er å verne dei som blir gjenstand for forsking, og dei som vert råka av negative følgjer av forsking. I den grad petroleumsforskinga er med på å auka utvinning av fossilt brensel, og dermed som eit sluttprodukt konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren, er det eit relevant spørsmål om det er etisk forsvarleg å satse på meir forsking av denne typen, eller om det ville vere betre å satse på forsking på alternative energikjelder i staden. At spørsmålet er relevant tyder ikkje at det ligg eit klart svar og ventar.

Utgangspunktet for dette resonnementet er dei overordna prinsippa i dei forskningsetiske retningslinjene frå NENT (Den nasjonale forskingsetiske komite for naturvitskap og teknologi). Det er det andre av desse prinisppa der vert referert til i debatten:

Forskningen skal være i overensstemmelse med bærekraftig utvikling og respekt for miljøet.

Dette innebærer at forskningen bl.a. skal bidra til å bevare biologisk mangfold og være i overensstemmelse med føre-var-prinsippet. Man skal vise forsiktighet med forskningsvirksomhet som kan ha store negative konsekvenser for miljøet eller mennesker, selv om det ikke er etablert full sikkerhet om forekomsten av disse konsekvensene.

Fleire har hevda at auka CO2-utslepp i dagens situasjon ikkje er eit bidrag til å verne om biologisk mangfald, og heller ikkje samsvarer med føre-var-prinsippet. Slik sett er det konflikt mellom forskingsetiske vurderingar og satsing på petroleumsforsking.

Kva for status har så desse forskingsetiske prinsippa? Korleis skal dei tolkast? Formuleringa “Forskningen skal” kan tolkast på fleire måtar, men NENT er klare på at den ikkje skal tolkast som eit imperativ. Prinsippet skildrar eit ideal, eller regulativ idé som skal vere retningsgivande for den forskingsetiske refleksjonen – det er meint å spore til debatt. I den forstand har diskusjonen som vart reist i På høyden og andre medier, og ført vidare av Forum for vitskap og demokrati, verkeleggjort intensjonen i dette overordna prinsippet.

Så langt i debatten har vi fått ei polarisering, så vidt eg kan sjå, mellom to ytterpunkt, og det kan vere instruktivt å ta utgangspunkt i desse.

Gunnar Kvåle har samanlikna petroleumsindustrien si finansiering av forsking på alternativ energi med tobakksindustriens finansiering av medisinsk forsking på negative verknader av tobakksrøyking. Denne samanlikninga teiknar eit rimeleg negativt bilete av petroleumsindustrien og insinuerer at det ligg ein djup kynisme bak stønad til forsking på t.d. jordvarme og energiomstilling. Samanlikninga er problematisk på fleire måtar, som Kvåle også ser. Først og fremst fordi petroleumsindustrien i ei heilt anna grad enn tobakksindustrien har vore med å drive fram verdiskaping og velstandsutvikling til eit nivå som knapt ville vere tenkbart utan fossil energi. Det er eit særmerke ved petroleumsindustrien at den både har ei stor oppside og ei stor nedside. Dette kompliserer biletet, og det er denne kompleksiteten som skaper det etiske dilemmaet – om biletet var svart-kvitt ville det etiske problemet vore raskt løyst.

Rolf Mjelde hevdar i eit intervju i På høyden at Statoil klarer seg godt utan UiB, og at vi risikerer at Statoil går til andre dersom det blir for stor motstand mot Akademiaavtalen. UiB vert sitjande att med “svarteper”.  Det er fleire ting å seie om det argumentet. På den eine sida handlar det eigentleg ikkje lengre om det etiske spørsmålet om berekraft og biomangfald, men om tap av finansiering som følgje av å innta “feil” standpunkt. Når det gjeld den faglege sida av saka kan ein stille spørsmålet: er det tilfelle at Statoil klarer seg godt utan UiB? UiB har forskingskompetanse som Statoil treng og som ikkje er like lett tilgjengeleg andre stader –  slik sett er argumentet lite haldført. Men kanskje enno viktigare: dersom UiB skulle trekkje seg frå ein avtale med Statoil av etiske omsyn, ville det vere omdømemessig negativt for Statoil, med moglege ringverknader både til andre samarbeidspartnerar og innetter i selskapet. At UiB må sitte musestille for å ikkje misse finansieringa frå Statoil er truleg ei overdriving.

På den andre sida er det heller ikkje slik at UiB kan løyse det etiske dilemmaet ved å seie nei til sponsing frå Statoil. Som Mjelde også peikar på, petroleumsindustrien har skapt verdiar som indirekte finansierer ein stor del av forskinga ved UiB – inkludert klimaforsking. Dilemmaet UiB står oppe i er felles for dei fleste i dette landet, og er godt uttrykt i den forrige regjeringa si petroleumsmelding: “Rollen som petroleumsprodusent skal forenes med en ambisjon om å være ledende i miljø- og klimapolitikken.” I denne spagaten står vi i større eller mindre grad alle. Spørsmålet er kva UiB vil gjere i denne situasjonen. Skal prinsipp om berekraft og biologisk mangfald reserverast for festtalane, eller skal dei få verknad i den daglege forskingspolitikken ved universitetet? 

Statoils rolle oppe i det heile har vore lite framme i diskusjonen så langt. Mange ser ut til å leggje til grunn at Statoil er ein reint komersiell aktør, eit ASA utan moral. Kan det likevel hende at Statoil også kan ha interesse av å reflektere over dei forskingsetiske sidene ved Akademiaavtalen? Her er det på sin plass å minne om at legitimiteten til dei nasjonale forskingetiske komiteane og dermed til retningslinjene, er grunna i Forskingsetikklova av 30. juni 2006, som har til føremål å “bidra til at forsking i offentlig og privat regi skjer i henhold til anerkjente etiske normer.” Det er avgjerande viktig for denne saka at Forskingsetikklova ikkje berre gjeld for den forskinga som UiB og andre offentleg finansierte forskingsinstitusjonar driv, men i same grad Statoils eiga forsking anten den går føre seg i Noreg eller andre stader i verda, om den skjer i selskapets regi, eller finansiert av selskapet.

Ut frå dette bør Staoil i utgangspunktet også ha interessa av å avklare dei forskingsetiske sidene ved avtalen. Statoils representantar har førebels vore fråverande i debatten, sjølv om det er rimleg å anta at forskarar og andre tilsette i Statoil til dagleg lever i det same dilemmaet som alle vi andre, og kanskje i enno sterkare grad. Mange av dei er tidlegare kollegaer, postdoc’ar, phd’ar, og studentar frå UiB, og mange har interesser og voner knytt til at Statoil skal vere eit breispektra, framtidsretta energiselskap som tek samfunnsansvaret på alvor.

Statoil har dessutan eigne etiske retningslinjer nedfelt i den såkalla “Statoilboka”. Her står det under Statoils kjerneverdiar (s12-13) “openheit” og “omsorg”, at ein skal vere “sannferdig og handle med integritet”, samt “ta opp etiske spørsmål og utfordringar utan opphald”. Vidare stiller den krav om at ein skal “vise sosialt ansvar og bidra til berekraftig utvikling”. Statoil sin selskapspolitikk forpliktar dessutan selskapet til å “bidra til utvikling av berekraftige energisystem og teknologiar”, og selskapet “ser på etikk som ein integret del av forretningaktivitetane”.

Sjølvsagt kan det hende at alt dette er kynisme kamuflert som festtaleetikk. Men utgangspunktet for samtale med ein aktør som vi alt har omfattande samarbeid med, må vere Statoil verkeleg meiner det Statoil seier, og at handling følgjer ord. I så fall har vi her godt grunnlag til å diskutere forskingsetiske spørsmål. Så ser vi snart om velviljeprinsippet gav ei rett tolking i dette tilfellet.

For å halde fram denne diskusjonen treng vi fora der den kan trivast – internt på UiB, og saman med partnarane våre. Det nyleg avgåtte rektoratet etablerte seminarserien “Etikk til frokost” der aktuelle forskingsetiske spørsmål vart diskuterte, og arrangerte dessutan frå 2009-2012 ein årleg etikkonferanse på Solstrand. Eit frukostseminar med Statoil om forskingsetikk kunne vere eit steg på vegen mot ein meir robust forskingspolitikk for UiB i spørsmål som gjeld energiforsking og klima.

Powered by Labrador CMS