Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
– Dersom det er for stor motstand mot Akademiaavtalen, kan Statoil gå til andre, og UiB vert sitjande att med svarteper.
Det seier Rolf Mjelde, professor ved Institutt for geovitenskap.
Debatten om Akademiaavtalen har vore lang i På Høyden sine spaltar. Morgenbladet har òg omtalt debatten, og seinast denne veka hadde Peter Haugan og Gunnar Kvåle eit innlegg på trykk i Dagens Næringsliv. Der skriv dei mellom anna at «støtten fra Statoil har i hovudsak hatt som formål å bidra til å finne nye petroleumskilder eller til å øke produksjonen. Denne forskningen bidrar slik til det motsatte av «å bevare biologisk mangfold» og er ikke «i overensstemmelse med føre-var-prinsippet». De fleste prosjektene som Statoil støtter, er dermed ikke i samsvar med de forskningsetiske retningslinjene».
Mjelde har ikkje vore aktiv i debatten. Men tidlegare denne veka skreiv han eit blogginnlegg på geoforskning.no. Der skriv han mellom anna at «dessverre har debatten ved Universitetet i Bergen i det siste blitt skjemmet av at noen klimaforskere har gått langt i å antyde at petroleumsforskningen ved universitetet er uetisk».
Seier ja til utvinning i nord
– Det er etiske aspekt ved alle ting. Men ein skal vera litt forsiktig med å skulda andre for å vera uetiske, seier Mjelde til På Høyden.
– Eg støttar dei som meiner at dersom ein ikkje lenger skulle utvinna olje og gass, ville ein fylla dette holet med kol – som er verre, seier Mjelde vidare.
Han meiner at ein bør forska med både leiting og auka utvinning som mål.
– Det er ikkje slik at ein kan skru utvinninga av og på. Dette skjer i stort tempo, og ein må ta ut verdiane medan dei er der.
– Kva med oljeutvinning i nord?
– Før eller seinare kjem oljeselskapa til å hamna i nord òg, så eg ser ikkje store problem med det. Det er viktig at oljeselskapa får store nok areal, men kva som er grensa er noko ein kan diskutera, seier Mjelde.
– Statoil kan gå til andre
I blogginnlegget skriv Mjelde at UiB er meir avhengig av Akademiaavtalen enn kva Statoil er.
– Statoil klarar seg fint utan UiB. Selskapet har bygd opp mykje aktivitet ved UiB, både i form av prosjekt og infrastruktur. Sjølvsagt har UiB si forsking nytteverdi for Statoil, men det finst òg andre aktørar dei kan gå til. Det kan skje dersom det vert for stor motstand ved UiB, og då vert me sitjande att med svarteper, meiner Mjelde.
– Betyr det at ein ikkje skal stilla spørsmål?
– Ein må sjølvsagt kunne stilla spørsmål, men det er ulike nivå. Sjå til dømes på debatten om skifergass i Canada. I Noreg har oljedirektoratet dessutan vore flinke til å stilla krav til industrien, seier Mjelde.
Han meiner at norske forskarar ikkje er mange nok til at ein kan gapa over alt, og åtvarar mellom anna mot å gå tungt inn i forsking på kjernekraft som er teknisk svært komplisert.
– Kva med forsking på vindkraft?
– Eg meiner at me må ha fokus på petroleum. Men det er forska ein del på vindkraft til havs, og Statoil har òg initiert noko av denne forskinga. Eg er ikkje så uroa – den dagen det er slutt på olje og gass, kjem selskapa til å finna andre energiformer, seier Mjelde.
– Petroleum finansierer oss
Mjelde skriv i blogginnlegget at det er verd å minna om at store deler av klimaforskinga er finansiert av petroleumsforskinga.
– Petroleum finansierer halve Noreg, det er der inntektene våre kjem frå. Hadde det ikkje vore for inntekter frå petroleum, hadde me ikkje hatt dagens velferdsstat, og slik og eit mindre forskingsråd– som òg støttar forsking på klima.
– Det er rett at nasjonalinntektene våre kjem frå olje. Men eg synest ikkje det er eit argument for å ikkje stilla spørsmål ved om det er slik me vil ha det i framtida, seier Peter M. Haugan.
Han er professor ved professor ved Geofysisk institutt, og ein av dei mest aktive i debatten om Akademiaavtalen. Haugan har òg kommentert Mjelde sitt blogginnlegg. Der skriv han mellom anna at «å unnlate å delta i debatten når og der den reises, og så beklage i annet forum at debatten faktisk foregår synes ikkje veldig åpent?!».
– Dette skjønar eg ikkje. Eg må få skriva der eg vil, seier Mjelde.
– Det er ein demokratisk rett å mane til debatt, og det er ein demokratisk rett å delta i denne, eller å lata vera. Det er i dag brei politisk semje om å oppretthalda ein tung oljeindustri i Noreg. Dette er viktig også av hensyn til det globale miljøet. Eg synest denne debatten var interessant på 1990-talet, no må vi komma oss videre.
– Ein må sjølvsagt få ytra seg andre stader. Men kvifor ikkje delta i forum som til dømes På Høyden der ein kan gå djupare inn i saka og debattera sakleg? I fora elles vert det ofte impulsreaksjonar der ein skyt frå hofta, seier Haugan.
Ville ha tidleg debatt
Haugan seier at han ser at UiB kan koma til å tapa pengar dersom det vert mykje motstand mot avtalen.
– Eg ønska å ta opp debatten tidlegare, og skreiv innlegg allereie i vår. Eg opplevde at det var vanskeleg å få nokon på bana – og plutseleg var avtalen underteikna. Dersom ein hadde teke debatten på førehand hadde ein kanskje enda opp med ein mindre avtale, men eg meiner at det må vera betre med ein avtale ein kan leva godt med, seier Haugan.
Sjølv om avtalen no er underskriven, meiner Haugan at ein må kunne ha ein debatt rundt korleis pengane skal brukast.
– Det har vore få petroleumsforskarar på bana i denne debatten. Eg meiner at me har eit problem dersom slutnader og profil på midlar som kjem utanfrå er ei lukka sak. Dette må fram i lyset. Denne saka har handla om Statoil, men det er òg andre aktørar. Statoil er ein kommersielt selskap, og kan bruka pengane sine som dei vil. Men det kjem pengar frå andre, til dømes Forskingsrådet, som går til forsking på liknande tema. Korleis vil me forholda oss til det, spør Haugan.
Debatt neste veke
Akademiaavtalen vil verta debattert når Forum for vitenskap og demokrati har møte neste veke. Spørsmål som vert stilt er mellom andre om det er ei forskingsetisk utfordring at UiB vidarefører petroleumsforsking – samstundes som rektor Dag Rune Olsen har signalisert at klima og fornybar energi vil verta eit nytt satsingsområde ved UiB. Og er det eit dilemma at avtalen skal både bidra til auka oljeutvinning og forsking om fornybar energi? Olsen vil innleia debatten, Haugan er blant dei som skal kommentera.
Òg i september vart petroleumsforsking debattert. Haugan møtte då professor Jan Petter Hansen. Dei diskuterte mellom anna om det er på tide å legga om til forsking på alternative energiformer.