Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
To unge UiB-forskarar er plukka ut som medlemmer av det nystarta Akademiet for yngre forskarar.
20 forskarar, 38 år år og yngre, er plukka ut til Akademiet for yngre forskarar. Det er Det Norske Vitenskaps-Akademiet med støtte frå Kunnskapsdepartementet som står bak, men i motsetnad til i det «vaksne» akademiet, måtte dei unge medlemmene søkja og deretter gjennom ein intervjuprosess. Det kom inn 160 søkjarar.
To av dei som no er plukka ut, kjem frå UiB. Laura Saetveit Miles er førsteamanuensis i engelsk litteratur ved Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultetet. Aslak Hjeltnes er stipendiat ved Institutt for klinisk psykologi ved Det psykologiske fakultetet. I tillegg til desse to representerer Katja Enberg frå Havforskingsinstituttet Bergen.
Forskingspolitikk
– Eg synest eit slikt akademi er ei spanande moglegheit, både til å laga eit nytt samfunn utanom UiB og til å treffa andre forskarar frå ulike fagfelt, seier Miles.
Hjeltnes seier at han vart oppmoda til å søkja, både av rettleiaren sin og av fakultetet. Han har bakgrunn frå Studentersamfunnet, og var òg med i etableringa av tidsskriftet Røyst.
– Akademiet skal arbeida med forskingspolitikk, med tverrvitskapeleg forsking og med formidling. For min eigen del ser eg at det er nyttig med kontakt med andre forskarar, òg forskarar som ikkje jobbar med det same som meg, seier Hjeltnes.
Han er ein av stipendiatane som er plukka ut. Mange av dei 20 har fast stilling, men det finst òg fleire postdoktorar på lista.
– Felles for alle er at ein er tidleg i karriereløpet. Eg trur noko av det akademiet kjem til å jobba med er korleis ein skal satsa på forskingstalent og på korleis ein kan gi kvinner gode vilkår, seier Hjeltnes.
Korleis ein snakka, ikkje kva ein sa
Hjeltnes er 33 år gamal og utdanna psykolog. Han har tidlegare vore forskar ved Modum bad og jobba klinisk i Helse Bergen og Voss DPS før han begynte som ph.d.-stipendiat. Doktorgradsarbeidet, som vert levert i haust, er ein klinisk studie der han ser på mindfulness som behandling av sosial angst. Miles er eit år eldre. Ho er amerikanar og var postdoktor ved Michigan Society of Fellows ved University of Michigan før ho tok famillien med seg til Bergen. Miles forskar særleg på litteratur og religiøs kultur i mellomalderen.
For å koma gjennom det nystarta akademiet sitt nålauga, måtte søkjarane først senda inn både CV og vitskapeleg arbeid. Dei måtte òg skriva eit motivasjonsbrev. Deretter venta intervju, som var forma meir som ein samtale.
– Me vart intervjua i grupper på fem. Eg tenkte då eg sat der at det handla meir om korleis me snakka enn om kva me faktisk sa, seier Miles.
Nokre av temaa var forskingspolitikk, formidling og kva ein ventar seg av akademiet.
På førehand hadde kandidatane fått beskjed om at alle i gruppa kunne gå vidare – eller ingen. Intervjuarar var tidlegare kunnskapsminister, no leiar for Cicero, Kristin Halvorsen, professor Terje Lohndal og Yngve Vogt, redaktør i Apollon.
– Samla stemme
To samlingar i året. Det er det det står i vedtektene at akademiet skal ha. Den første samlinga vert i slutten av oktober.
– Akademiet skal vera ein tverrfagleg møteplass. Ein skal vera ei forskingspolitisk plattform, og ein skal jobba med forskingsformidling. Det seier Herdis Hølleland, prosjektleiar for Akademiet for yngre forskarar.
Ho seier at dette er eit unikt høve til å skapa ei samla stemme for dei unge forskarane.
– Det er stor variasjon blant dei tjue som no er plukka ut. Men det viktige er at dei skal vera ei stemme for meir enn seg sjølv, seier Helleland.
Ho peikar på utfordringa med mellombelse stillingar som ei viktig sak, og karriereplanlegging som ei anna.
– Kva skjer etter postdok-perioden? Alle kan ikkje verta verande i akademia. Og kva med dei som ikkje ønskjer å verta forskarar, men som institusjonane gjerne ønskjer at hadde vorte verande? Korleis kan ein skapa arbeidsforhold som hindrar hjerneflukt?
Tid, lyst, energi
Akademiet for yngre forskarar har Det Norske Vitenskaps-Akademi som mororganisasjon. For å kunne verta medlem der, må ein mellom anna verta tilrådd av andre medlemmer. Hølleland seier at det ferske, norske akademiet såg til dei unge akademia i Sverige og Danmark når dei skulle laga vedtekter. Der må ein søka.
– Kvifor må ein søka om medlemskap?
– Fordi me ønskjer forskarar som faktisk vil jobba med forskingspolitikk og forskingsformidling. At medlemmene må søkja skil oss frå mororganisasjonen. Det gjer òg at ein ventar andre ting av medlemmene ; dei skal ha tid, lyst og energi til å vera med på dette, seier Hølleland.
Ho seier at dei som vart plukka ut er flinke sett i forhold til kor langt dei er komne i den akademiske karrieren. Under intervjuet vart det lagt vekt på om kandidatane var flinke til å formidla eiga forsking og om dei var interessert i forsking på eit overordna nivå.
Hjeltnes og Miles understrekar at det har vore ein open søknadsprosess.
– Me er mellombelse medlemmer i akademiet, det er ingenting livsvarig. Eg er audmjuk i forhold til å kunne vera med på dette. Me skal jobba for å få betre vilkår for unge forskarar og for å nå ut til barn og unge, seier Hjeltnes.
Guro Lind er leiar for det nye akademiet. Ho er forskingsgruppeleiar ved Avdeling for molekylær onkologi på Institutt for kreftforsking ved Oslo universitetssjukehus, og har i tillegg ein professor II-stilling ved UiO. Lind seier til Forskerforum at ingen driv forsking i eit vakuum, og at ein må innretta seg til konteksten rundt med forskingspolitikk og -formidling. Ho meiner at det er flott med eit organisert akademi der yngre forskarar kan ta del.