Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Mange UiB-miljø er restriktive med frikjøp og heimekontor. Ved Det juridiske fakultetet underviser til og med dekanen – sjølv om han ikkje har undervisningsplikt.
– Eg skal snart undervisa 350 førsteårsstudentar, seier jussdekan Asbjørn Strandbakken når På Høyden ringjer.
Fakultetet på Dragefjellet er restriktive med å gi forskarar høve til å verta frikjøpte for undervisning.
– Me har ein vanskeleg situasjon med mange studentar per vitskapeleg tilsett. Det er ikkje noko skup for oss å gi nokon høve til å verta kjøpte fri, sjølv om det finst tilfelle der ein sjølv har skaffa midlar gjennom til dømes Forskingsrådet, seier Strandbakken.
– Men du treng vel ikkje undervisa som dekan?
– Nei, eg har ikkje undervisningsplikt. Men no var det ingen andre som kunne ta førelesingane i familierett. Eg plar òg ha undervisning i mindre grupper, seier Strandbakken.
Forventar at forskarane er på institusjonen
Som På Høyden har skrive, har matematikkprofessor Jan Martin Nordbotten vore på jordomsegling det siste året. Først hadde han eit VISTA-professorat, finansiert av Statoil, men frå november i fjor har han vore tilbake i ordinær UiB-stilling. For tida er han i Chile.
Nordbotten har ikkje hatt forskingstermin, men har gjennom VISTA-professoratet vore frikjøpt frå undervisning.
På Høyden har snakka med fleire dekanar og instituttleiarar. Det er få som direkte kritiserer Nordbotten, men heller ingen som gir full støtte til løysinga han har fått. Leiinga ved Matematisk institutt vil ikkje uttala seg om saka.
– Dersom ein forskar søkjer om å få ha heimekontor i to veker og brukar desse to vekene til å sitja på hytta på fjellet eller i leilegheita i Spania og jobba – det har eg ingen problem med. Men eg ville aldri gitt nokon løyve til å vera vekke i fleire månader utanom forskingstermin. Eg forventar at det ved instituttet er eit arbeidsmiljø der folk er til stades.
Det seier Åse Johnsen. Ho er instituttleiar ved Institutt for framandspråk – eit institutt som rommar mange fagmiljø. Instituttet har tydelege retningslinjer for fråver, og desse er tilgjengelege på instituttet sine nettsider. Her heiter det at alle som har full stilling, skal vera til stades på instituttet dei fem vanlege arbeidsdagane i veka.
– Men me vil sjølvsagt at forskarane reiser ut. Det må dei når dei skal forska på framandspråk. Det viktige er at ein har søkt på førehand, seier Johnsen.
– Og det er viktig å understreka at ein ikkje kan bestemma sjølv. Heimekontor kan ein berre få ved å søkja instituttleiar, supplerer administrasjonssjef Arve Kjell Uthaug.
Alle skal treffa studentar
– For meg går det ei grense ved å ikkje kunne kommunisera med forskarane. Dersom ein sit på hytta og jobbar, er det mogleg å få tak i ein med mobiltelefon og breiband.
Det seier Johan Myking, instiutttleiar ved eit anna stort HF-fakultet: Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE).
Òg han seier at heilårsfråver og jordomsegling er noko han ville vore skeptisk til.
– Debatten om tilstadevering hugsar eg attende til 1980-talet. Praksis hos oss er nok ikkje alltid så stram og homogen som han burde vera. Mange reiser mykje, og i praksis er det umogleg å halda styr på alle. Eg har ein dialog med fagkoordinatorane for å avdekkja om det er spesielle problem knytt til fråver. Og eg har endå ikkje opplevd at nokon ikkje leverer det dei skal, seier Myking.
Ved Det humanistiske fakultetet godtek dei ikkje at forskarane vert fullt frikjøpte. Hovudregelen er at det skal vera 25 prosent att til rettleiing og undervisning.
– Alle skal møta studentane litt.
Det same seier Jarle Eid, dekan ved Det psykologiske fakultetet.
– Flinke forskarar skal òg treffa studentane. Om dei er frikjøpte frå undervisning ein periode, kan dei i alle fall rettleia. Eg opplever at mange av forskarane sjølve seier at det er viktig for dei å møta studentar, seier Eid.
– Ut og rundt
Når På Høyden ringjer er Eid på ein konferanse på Gardermoen. Forskarar må koma seg ut og rundt i verda, meiner Eid, og legg vekt på at kortare opphald ute er uproblematiske. Han legg òg vekt på at sjølv om ein forskar ikkje fysisk er ved UiB kan ein vedlikehalda pliktene sine i forhold til både studentar og kollegaer, til dømes gjennom bruk av Skype.
Når det gjeld jordomseglinga ved mat.-nat, vil ikkje Eid uttala seg om den. På generell basis seier han at det kan vera individuelle behov hos enkeltforskarar som gjer at instituttleiar ser at ein kan tilpassa arbeidet ein periode, til dømes kan nokon sitja heime og jobba ein periode.
Det sosiale
Strandbakken seier han hadde vore kritisk dersom han mottok ein søknad som innebar at nokon skulle på jordomsegling og vera lenge vekke frå kontoret.
– Det hender sjølvsagt hos oss òg at forskarar sit heime og jobbar. Det er heilt uproblematisk. Men eg trur det er viktig å klarera slike ting, og passa på at det ikkje sklir ut.
Han fortel om døme der enkeltforskarar har hatt arbeidsplassen sin ved andre europeiske institusjonar i eitt semester. Grunngivinga var fagleg og familiær, og forskaren kom heim til UiB og hadde undervisning i løpet av halvåret.
– Dette er heilt greitt, me kan ikkje ha eit heilt rigid system, seier Strandbakken.
Både han og dei andre leiarane peikar på at den sosiale dimensjonen ved å vera ein del av eit arbeidsmiljø òg er viktig. I tillegg er det til tider ymse verv som må fyllast.
– Det er vanskeleg å velja nokon som aldri er der, seier Myking.
Oppmoding ved IFT
Ved institutt for fysikk og teknologi kjem det ut nyheitsbrev kvar fredag.
29. april minna instituttleiar Øyvind Frette om følgjande: «Etter å ha banket på diverse dører uten å finne folk er det betimelig å minne om at vi alle har plikt til å møte på jobb. Hjemmekontor er ikke en normalordning som administreres etter eget forgodtbefinnende. Det er vanskelig å lage et dynamisk miljø som også er inkluderende for våre studenter hvis vi sitter plassert på hvert vårt nes. Min vennlige oppmuntring er at vi møter på kontoret, og deler våre gode tanker med de rundt oss på en mest mulig oppbyggende måte».