Akademisk lungemedisin i 20 år

Publisert

Torsdag inviterte lungemedisinmiljøet ved UiB til jubileumssymposium for å feire 20 år med akademisk lungemedisin på Vestlandet. Symposiet var også eit høve til å gjere stas på primus motor ved lungeavdelinga, professor Amund Gulsvik.

I år er det 20 år sidan dr.med. Amund Gulsvik kom til Bergen for å bli professor ved UiB og ta fatt på oppgåva med å bygge opp det lungemedisinske forskingsmiljøet. Torsdag 23. september var det store auditoriet på BB-bygget fylt av tilreisande frå fjern og nær, som kom for å gratulere professor Gulsvik og for å høyre innlegg om ulike sider ved lungemedisinsk forsking.

– I framtida vil forskingssatsingar krevje betre samarbeid mellom akademia, industrien og styresmaktene, sa professor Gulsvik då han avslutta symposiet med eit innlegg om framtida for lungemedisinen.

“Very good” frå NFR

Lungemiljøet ved UiB kom svært godt ut av Forskingsrådet si evaluering av klinisk forsking tilknytta universiteta. På bakgrunn av denne evalueringa fekk miljøet i juni, saman med fire andre medisinske miljø ved UiB, ein halv million til forsking frå Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest og UiB.

– Utfordringane for oss er mange: Auke kunnskapen om lungesjukdommar hos publikum og hos helsearbeidarar, rekruttere dei beste unge forskarane og gjesteforskarane, skaffe ressursar til storskala kliniske forsøk, og ikkje minst gjere kunnskapen om til endra åtferd hos publikum og hos helsevesenet, oppsummerte Gulsvik i innlegget sitt.

Dekanus Nils Erik Gilhus gratulerte på vegner av fakultetet for den innsatsen Gulsvik har lagt ned gjennom åra. Han avduka også eit portrett av Gulsvik måla av kunstnaren Bjørn Tvedt, som også var til stades.


Nøgd med utviklinga

Det var ein travel, men nøgd professor Gulsvik som snakka med På Høyden etter at det offisielle programmet var over. Han gav all ære til medarbeidarane i gruppa for lungemedisin.

– I løpet av desse 20 åra har vi prøvd å utvikle ei moderne lungeavdeling, som kan forsyne det kliniske miljøet med dokumentert kunnskap. I dag har vi bygd opp tilgang til relativt store pasientdatasett som i alt inkluderer om lag 130.000 personar, samt ein blodbank. Vi har også produsert 19 doktorgradar, og fire personar med professorkompetanse. Vi samarbeider med fleire utanlandske forskingsgrupper og har skaffa oss eit godt rykte internasjonalt, fortalde han.

Sjølv er professor Gulsvik mellom anna involvert i arbeid med lungesjukdommen KOLS (kronisk obstruktiv lungesjukdom). Han leier forskingsprosjektet GenKols som siktar mot å finne ut om sjukdommen er genetisk betinga.

Powered by Labrador CMS