Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Det ser dårleg ut for Arktis. Oppvarminga går fortare enn forventa, og konsekvensane vil bli omfattande. Det viser den største rapporten som er laga om klimaendringar i Arktis, der UiB-forskarar også har medverka.
Rapporten Arctic Climate Impact Assessment (ACIA) er laga på bestilling frå Arktisk råd, som er eit forum beståande av åtte land som omgjev polkalotten: Canada, Danmark, Finland, Island, Norge, Sverige, Russland og USA. Funna blir presenterte i Reykjavik i dag. Som om ikkje det var nok, vil livet i Arktis bli utsett for store dosar ultrafiolett stråling i tiåra som kjem. Klimaendringane vil verke saman med faktorar som kjemisk forureining, overfiske, endring i bruk av landareal, auke i folketalet og kulturelle og økonomiske endringar. Til saman blir det store forandringar, som også får konsekvensar for resten av verda.
− ACIA-rapporten er meir spesifikk når det gjeld dei arktiske områda enn dei globale rapportane frå FN sitt klimapanel, og han inkluderer konsekvensar for samfunnet, infrastrukturen og biodiversiteten i tillegg til reine klimaendringar, fortel professor Helge Drange ved Nansensenteret og Geofysisk institutt.
Han er ein av dei over 250 forskarane som har levert innspel til rapporten. Forskarane har arbeidd i grupper med dei ulike kapitla. Frå Bergen har mellom anna professor Harald Loeng ved Havforskingsinstituttet og Bjerknessenteret vore leiar for kapittelet om marine økosystem. Og konklusjonane i ACIA-rapporten er ikkje triveleg lesestoff:
Ein ventar at temperaturen i Arktis vil auke med 4-7 grader dei neste hundre åra. Det er dobbelt så stor auke som ein forventar ved lågare breiddegrader. Med auka temperatur kjem kortare og mildare vintrar og reduksjon i snø- og isdekke. Om nokre tiår vil det sannsynlegvis bli mogleg å krysse Arktis med skip i sommarhalvåret. Vegetasjonssonene vil endre seg, og plante- og dyreartar vil flytte nordover og forstyrre økosystema. Isbjørnen er mellom dei artane som kan bli utrydda fordi leveområda deira forsvinn. I store område vil permafrosten trekke seg tilbake, og medføre store øydeleggingar på bygningar og infrastruktur.
Mange faktorar
Resultata i rapporten blir presenterte og diskuterte på eit firedagars symposium i Reykjavik. Symposiet blir avslutta med ein ”Looking to the future”-dag der både forskarar og politikarar skal drøfte implikasjonane i funna.
− Når funna er lagt fram, blir det opp til kvart enkelt land å vurdere alvoret i situasjonen opp mot kostnadene ved å gjere noko med det, seier Drange, som ikkje er svært optimistisk.
− Skal det skje noko som monnar, må det skje globalt, men det er få som er genuint interesserte i å gjere store endringar fordi det kostar for mykje. Til sjuande og sist er det politikarane som må ta desse avgjerdene, men dei har også andre omsyn å ta. Politikarar blir valde for ein kort periode i ein liten region, medan klimaproblema er globale og har ein tidshorisont på fleire hundre år.