Viktor Mickas “Utsikt” var ein del av utstillinga “Støvkrystaller”. Fotografiet viser utsikta frå mor hans sitt stovevindauge, etter at ho måtte flytta til sjukeheimen på grunn av demens. Foto: Viktor Micka/Frå utstillinga “Støvkrystaller”

Koplar kunst og medisin

Publisert

Det medisinske fakultetet og Fakultet for kunst, musikk og design byr kvarandre opp til dans og vil arbeida saman. Mål: Betre forsking og betre utteljing.

– Ikkje kakepynt, seier Per Bakke.

– Større perspektiv, seier Anne Helen Mydland.

Dei to er dekan og prodekan på to av fakulteta ved UiB, Det medisinske og Fakultet for kunst, musikk og design (KMD), og kanskje skulle ein tru at dei to fakulteta har lite til felles?

Sjølve er dei ikkje så sikre på nettopp det. No byr dei kvarandre opp til dans og inviterer til samarbeid. Der er målet å vera likeverdige partnarar, ikkje at det kunstnariske utviklingsarbeidet skal koma som eit slags tillegg til det medisinske, forskingsbaserte.

Korleis kommunisera kreft?

Det begynte på ei leiarsamling. Ein entusiastisk Per Bakke nytta høvet til å invitera med seg KMD.

– Det handlar rett og slett om å tenkja utanfor boksen. Eg trur me kan få betre forsking av eit samarbeid, og òg ha større sjanse til å få utteljing i konkurranse om eksterne midlar – som igjen kan føra til endå betre forsking, seier Bakke til På Høyden.

Før helga var dei to fakulteta samla for å visa kva dei jobbar med, og for å visa prosjekt der samarbeid kan vera mogleg. Noko er allereie i gang, som Tarig Osman, senioringeniør ved Klinisk Institutt 1, og Anne Bremer, forskar ved Senter for vitskapsteori, sitt prosjekt om korleis ein kan nå ut til publikum med avanserte medisinske resultat.

– Korleis kan ein kommunisera det komplekse i kreft, spurde dei to.

– Ein seier til dømes at røyking aukar sjansen for å få kreft. Det er rett. Men samstundes er det menneske som aldri har røykt – men som får kreft likevel. Ein forventar lange, kreftfrie liv. For mange er det slik, men ikkje for alle, sa Osman.

No skal tilsette ved Det medisinske fakultetet, Det humanistiske fakultetet og Fakultet for kunst, musikk og design gå saman i eit prosjekt som etter planen skal verta ei utstilling neste sommar.

Ulikskapar gir fellesskap

– Me som er tilsette ved KMD har ikkje det same sanningsperspektivet som til dømes dei medisinske forskarane har. Me kan gå inn i fiksjonen, me har kanskje ikkje same avgrensingar som andre forskarar, og me kan stilla andre spørsmål, seier Anne Helen Mydland.

I tillegg til å vera prodekan ved fakultetet er ho professor i keramikk og leire ved Kunstakademiet – institutt for samfunnskunst.

Per Bakke viste til KMD sin fakultetsdirektør Synnøve Myhre då han skulle seia noko om utgangspunktet for fellesseminaret. Myhre har tidlegare vore tilsett i leiinga ved Det medisinske fakultetet.

– Det er raust av Bakke å seia dette, men eg vil ikkje ta æra. Eg kjenner sjølvsagt tilsette frå begge fakulteta, og eg kjenner dei som dedikerte forskarar. Kanskje er det nettopp ulikskapane som gjer at ein kan få til noko felles, seier Myhre til På Høyden.

– Ein gøy dag på jobben, legg ho til.

Fotoutstilling om demens

Seminaret hadde hovudtema «aldring», eit tema det vert forska medisinsk på, men der det òg er laga fleire prosjekt frå tilsette ved KDM. Førsteamanuensis Christine Hansen er ein av fleire kunstnarar som står bak fotoutstillinga «Støvkrystaller». Temaet for utstillinga var demens, og namnet spelar sjølvsagt på «snøkrystaller», men med støv som eit konkret minne om at tida går.

– Eg skreiv hovudfagsoppgåve i kunsthistorie om familiefotografi, og har brukt bilete av min eigen familie i fleire kunstprosjekt. Bileta til «Støvkrystaller» handlar om prosessen då mor mi fekk alzheimer og eg opplevde at ho var i ferd med å forsvinna, sa Hansen til dei frammøtte på seminaret.

Bente Geving, Viktor Micka, Laila Kongevold og Marie Sjøvold har òg fotoprosjekt knytt til alzheimer og demens, og dette vart ei felles utstilling i 2015.

Hansen fotograferte mellom anna si eiga dotter i mora sin gamle kjole frå 1970-talet. Micka sin del av prosjektet viste utsikta frå mor hans sitt stovevindauge, etter at ho hadde flytta. Dette biletet forstørra sonen og hengte opp på sjukeheimen – den nye heimen hennar.

– Dette vart noko kjent for henne, men òg noko ein som pårørande kan snakka om med den demente når praten stoppar opp, sa Hansen.

Ho har ikkje forska på korleis kunst og foto kan verka på demente.

– Men det er i alle fall eit materiale som kan vekka minne. Som kunstnarar har me ein annan synsvinkel enn helsepersonell, seier Hansen til På Høyden.

Fotografiet kan setja i gang minne og visa fortida. Dette er kunstnaren si dotter, i mormora sin gamle kjole. Mormora hadde då fått alzheimer. Foto: Christine Hansen/Frå utstillinga "Støvkrystaller"
Då mor til kunstnar Bente Geving fekk alzheimer, byrja ho å laga små oppstillingar rundt omkring i huset. Nokre av dei viste hennar samiske opphav - noko ho tidlegare hadde gøymt vekk. Geving sitt prosjekt "Glemte bilder Margit Ellinor" viser noko av det mora sjølv laga etter at ho var begynt å verta sjuk. Foto: Bente Geving/Frå utstillinga "Støvkrystaller"
Me må vera opne, og våga å dela tankar og stilla nye - og kanskje rare spørsmål. Det sa KMD sin prodekan Anne Helen Mydland under fellesseminaret med Det medisinske fakultetet, her representert ved dekan Per Bakke. Foto: Hilde Kristin Strand
Førteamanuensis Christine Hansen fotograferte si eiga mor, men utan å visa andletet hennar. Ho fotograferte òg si eiga dotter - i mormora sin gamle kjole. "Come What May" heiter Hansen sin del av prosjektet "Støvkrystaller". Foto: Hilde Kristin Strand
Powered by Labrador CMS