Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Heilt fram til nittitalet var dei rojale kvinnene underrepresenterte i den kongelege representasjonskunsten. Men etter at H.M. dronning Sonja sette ein ny likestilt dagsorden har det vorte ny interesse for dei tidlegare førstedamene.
Den offentlege representasjonskunsten portretterte sjeldan kvinner i det moderne norske monarkiet si byrjing på 1900-talet. Dronning Maud var mest komfortabel med en tilbaketrekt rolle, og poserte svært sjeldan for kunstnare. Først etter troneskifte i 1991 blei dronningrolla for alvor synleg i slike bilete. Då var det over femti år sidan Noreg hadde hatt ei dronning. – Dronning Sonja har gjort ein betydeleg innsats for å forme og synleggjere kvinnerolla i det moderne monarkiet. Dette er noko ho aktivt har gått inn for, og det skal ho ha all ære for, seier kunsthistorikar Caroline Serck-Hanssen Serck-Hanssen meiner samstundes at det tydlege nærveret av dronninga no har medført ei ny interesse for dronning Maud og kronprinsesse Märtha, noko som mellom anna har resultert i fleire nye skulpturmonument over desse kvinnene dei siste åra. Opphøging Ho meiner dei offentlege representasjonsbileta har bidrege til ei opphøging og kanonisering av dei kongelege.
Serck-Hansssen har forska på korleis det norske monarkiet har vorte presentert i offisielle maleri , skulpturar og historiemaleri. Nyleg disputerte ho for phD-grada ved Universitetet i Bergen.
– Desse skulpturane og måleria har eviggjort utbreidde førestellingar om dei kongelege, samstundes som kunstnarane også har blitt påverka av slike kollektive mentale bilete av monarkane, seier ho.
Artikkelen held fram under biletet.
Nøktern konge
Dei tidlege kunstnariske framstillingane av den norske kongen etter troneskifte i 1905 skil seg kraftig frå samtidige framstillingar av kongehusa frå til dømes Sverige og Storbritannia. Serck-Hanssen meiner det er slåande kor nøkternt det norske kongehuset vart framstilt i samanlikning med nabolanda.
– Kong Haakon framstår faktisk som heilt jambyrdig med statsminister Michelsen i det offisielle måleriet av kongefamiliens sin ankomst til Norge i 1905, seier Serck-Hanssen.
Den avsette kongen, Oscar II, var kjend for å la seg portrettere i pretensiøse iscenesettingar i pakt med tradisjonane frå eineveldetida, så då kong Haakon blei framstilt som den rake motsetnaden til den førre kongen var det ein tydeleg politisk markering, meiner Serck-Hanssen.
– Det var mange republikanarar i Norge på denne tida, og sjølv dei som var for monarki forventa ein nøktern profil hjå monarkiet. Truleg var det derfor det ikkje blei måla noko storslagent kroningsportrett eller familieportrett av det nye dynastiet, seier Serck-Hanssen.
Følgde politiske svingingar
Etter 1945 skjer det ei oppmjuking av formaliteten og stivheita som prega portretta frå mellomkrigsperioden. No blei gallauniformene og ordenar bytta ut med kvardagsuniform og dress, fortel Serck-Hanssen.
Ho meiner bilda blei tilpassa den rådande sosialdemokratiske ideologien, og med denne enkelheita følgjer Norge denne gongen strøymingane frå kongeframstillingane i dei skandinaviske nabolanda og Storbritannia.
Glam
Dei siste tjue åra har det vore ei sterkare fokusering på den opphøgde rolla og tradisjonelle verdigheitsteikn i den kongelege representasjonskunsten, både i Norge og andre land. Serck-Hanssen ser denne tendensen i lys av ei auka interesse generelt i samfunnet for ritual, symbol og prangande iscenesettingar.
– Dette er noko som har utvikla seg i takt med ny-liberalismen, men det betyr ikkje nødvendigvis at det i dag er eit høgare tal overbeviste rojalistar i landet. Folk likar glam, og kongefamilien er det mest celebre vi har i Norge!
(Forsidefoto: Wikimedia Commons/Jarle Vines)