– All plagiat er ikkje juks

Publisert

Det er ikkje berre jusstudentane som fuskar i faget. – Men det er ein flytande overgang frå dårleg handverk til juks, seier visedekan Jan Oldervoll ved Det humanistiske fakultet.

Ingen av dei andre fakulteta nyttar Ephorus i like stor grad som Det juridiske fakultet. Men alle nyttar det.

– Innleverte skriftlege oppgåver kan verta sjekka med Ephorus, men ikkje alltid og ikkje som standard, seier Arne Tjølsen, visedekan for utdanning ved Det medisinsk-odontologiske fakultet.

– Ephorus vert nytta i ulik grad ved dei ulike institutta, seier Helge K. Dahle, visedekan ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet.

Han seier at studentoppgåver ved fakultetet i stor grad vil vera rekneoppgåver, laboratoriejournalar og rapportar frå feltkurs, og meiner dette er oppgåver som ikkje eignar seg for Ephorus.

– Når det er sagt kan me verta flinkare til å bruka Ephorus der det er formålstenleg, seier Dahle.

Går gjennom rutinane
Òg ved Det psykologiske fakultet meiner visedekan Norman Anderssen at Ephorus-rutinane kan verta betre.

– Fakultetet held på å gå gjennom rutinane for bruk av Ephorus slik at det vert eins praksis på nivåa og studieprogramma, seier han.

Anderssen seier at han kjenner til ei juksesak frå sist haust, som handla om tekstsamanfall. Òg Olaf H. Smedal, visedekan ved Det samfunnsvitenskapelige fakultet og Jan Oldervoll, visedekan for utdanning ved Det humanistiske fakultet, kjenner til kvar si juksesak.

– Dei siste åra har me hatt fire saker med mistanke om juks. Alle har vorte sendt til Den sentrale klagenemnda, seier Smedal.

Han seier at SV-fakultetet har røynsle med at ein finn juks som manglande tilvising til kjelder, plagiat eller samarbeid om obligatoriske oppgåver.

– Dårleg handverk
Oldervoll trur det er plagiat som er den vanlegaste forma for juks.

– Det er helst kortare avsnitt som er limt inn frå andre kjelder, svært sjeldan heile arbeid som er skrivne av andre. Det fører til ein flytande overgang frå dårleg handverk til juks. Begge deler er plagiat, men all plagiat er ikkje juks, meiner Oldervoll.

Alle fakulteta oppgir at dei sender juksesaker til klagenemnda. Oldervoll seier at i tilfelle der det ser ut som dårleg handverk, vil innkalling til ein alvorssamtale vera greitt. Han meiner at det der vil verta tydeleg om ein har juksa med overlegg eller ikkje.

– Vidarekomne studentar bør handsamast hardare enn ferske. Det er skilnad på å plagiera i ei førstesemesteroppgåve og i ei bachelor- eller masteroppgåve, meiner han.

Oldervoll skreiv nyleg eit lesarinnlegg der han skriv at studentane er betre enn sitt rykte. Det meiner han gjeld juks òg.

– Eg har ansvar for Kark (program som legg til rette for elektronisk levering av oppgåver, journ.anm). Dei som tek imot oppgåver der, er dei same som nyttar Ephorus. Det me ser, er at det berre er ein prosent av oppgåvene som vert levert inn der systemet finn noko mistenkjeleg.

Framsidefoto: Lars Holder Ursin

Powered by Labrador CMS