– Alle, alle vil vi ha med

Publisert

Tal frå Samordna Opptak viser at søkinga til UiB har auka med 18 prosent frå i fjor. Fakulteta bur seg på storinnrykk i august. – Vi treng fadderar, enkelt og greitt, seier fadderkoordinator Camilla Wickstrøm.

– Kvart semester ser vi at vi har for få fadderar, og at gruppene blir for store. Verst er det på HF, SV og psykologi. Juss, medisin og mat.nat. har betre tradisjonar, kanskje fordi ein veit at ein skal studere lenge i lag med dei folka ein er på faddergruppe med, seier ho.

Wicktrøm reknar med å ta imot kring 5000 nye studentar i august, og har ein stor jobb med å koordinere fadderprogrammet og skaffe tilstrekkeleg mange fadderar.

– Alle har ein gong vore nye studentar og veit korleis det er. Eg hadde store problem med å orientere meg i byen i førstninga. Dei som kjem, er typisk mellom 19 og 22 år, og kjenner ikkje Bergen. Dessutan er det viktig at vi tek godt imot dei utanlandske studentane. UiB marknadsfører seg som det internasjonale universitetet, og då må vi ta konsekvensane av det.

Ho vonar at fadderprgrammet skal klare å tone ned fokuset på alkoholbruk, og i staden legge vekt på det sosiale nettverket ein kan skaffe seg.

– Som fadder får du sjansen til å representere UiB og fakultetet ditt på ein god måte, og du møter ein utruleg takksemd for jobben du gjer. Eg synest det i seg sjølv er betaling nok, seier ho, men fortel at det også vil bli eigne opplegg for fadderane.

Vil spre arrangementa

– I år vil vi dessutan tenkje på å kutte litt ned på opplegget i opningsveka, og heller spre arrangementa litt utover hausten. Det var eit ønskje frå alle dei fakultetsansvarlege eg har snakka med. Tidlegare har det lett blitt veldig mykje i starten.

Ho trur mange ikkje har tenkt over kor tidleg dei skal tilbake til universitetet i haust. Opningsveka tek til allereie 11. august, så det er på tide for interesserte å melde seg.

Michael Lyngstad og Torbjørn Wentzel frå SV-fakultetet skal begge vere fadderar til hausten.

– Det gjer vi for å treffe alle dei søte, små, smarte, intellektuelle jentene, seier Wentzel utan å nøle.

– Nei, forresten, stryk det. No må vi vere taktiske. Vi gjer det for å gje noko tilbake til studentbyen Bergen. Dessutan er det ein bra måte å få seg nokre kjenningar på. Vi veit korleis det er å kome inn på ei forelesing med 150 personar, og ikkje kjenne nokon. Då føler ein seg liten i mengda. Vi vil vere med å gje dei ein bra start.

– Og opningsveka er jo ein av dei store, sosiale happeningane på Universitetet, legg Lyngstad til.

Powered by Labrador CMS