Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Om me ikkje straks klarer å stansa folkeauken, klimaendringa, utryddinga av dyr og plantar og forureininga, vil livskvaliteten på jorda for menneska bli svært mykje verre i 2050. Det er konklusjonen i ein forskingsrapport om jordas tilstand som i dag blir lagt fram på Universitetet i Oslo.
Innføring av karbonnøytral energiteknologi, som til dømes hydrogen, kan erstatta fossilt brensel, meiner forskarane bak ein ny rapport om jordas tilstand. Og hydrogenbilar finst allereie på norske vegar. Foto: Ola Sæther Innhaldet i rapporten Maintaining Humanity’s Life Support Systems in the 21st Century kan truleg få mange til å tru at verdas ende er nær. Hovudinntrykket er at jorda står på kanten av stupet. Det blir vist til at klimaendringane skjer raskare enn nokon gong sidan mennesket oppstod på jorda, skriv UiOs uavhenige avis, Uniforum. Det har heller ikkje vore eit så stort omfang av utrydding av dyr og plantar som i dag, sidan ein kjempestor meteoritt styrta på jorda for 60 millionar år sidan og utrydda alle dinosaurane. Rapporten viser også til at store delar av verdas økosystem er gått tapt på grunn av oppdyrking, bygging av vegar og gater og på den måten er 40 prosent av jordas isfrie område vore utsette for menneskeleg påverknad. Miljøforureining og eksplosiv vekst i folketalet Ber politikarar og leiarar om å handla Det er professor Anthony Barnosky ved Berkeley-universitetet i USA som har leidd arbeidet med rapporten. Og han og fagfellene hans har ikkje berre peika på dei største globale problema som kan få jorda til å bli ein vanskeleg stad å vera for framtidige generasjonar, dei presenterer også moglege løysingar. Løysinga på klimaendringane er etter deira meining å redusera utsleppa av drivhusgassar og å setja i verk dei tilpassingsstrategiane som er i ferd med å koma på plass for å kunna takla konsekvensane av klimaendringane. Det blir vist til innføring av karbonnøytral energiteknologi som kan erstatta fossilt brensel. Bygningar, transport og produksjon av varer og tenester må bli meir energieffektive, meir skog må vernast, og det må setjast ei grense for kor stor del av landjorda som skal kunna regulerast til landbruk eller anna kommersielt bruk. Etter forskarane si meining er det viktig å tilpassa seg klimaendringane så raskt som mogleg, ikkje minst vil det ha mykje å seia for kystområde som er truga av at havnivået vil stiga. Det er viktig for å kunna syta for gode system for vassforsyning til store byar med høgt folketal, for å halda oppe landbruksproduksjonen og for å kunna styra og verna biomangfaldet og økosystema i verda. Oppfordrar til internasjonalt samarbeid I rapporten blir det understreka kor viktig det er å syta for at så lite som mogleg av jordas attverande økosystem blir gjorde om til gardsbruk, forstader og andre menneskelege byggverk. Det vil vera mogleg å auka effektiviteten i eksisterande område for matproduksjon og få eit betre system for distribusjon av matvarer og samtidig redusera søppelmengda. Utdannings- og helsetilbod kan snu folkeveksten Trass i dystre spådommar, trur forskararane det vil vera mogleg å snu den negative utviklinga på jorda. Dei viser fram korleis forskingsfunn i løpet av 30 år har snudd opp ned på kommunikasjonen mellom folk i verda. Forskarane trekkjer mellom anna fram innføringa av internett og mobiltelefonrevolusjonen. Alle opplysningane i rapporten byggjer på vitskaplege artiklar og forskingsfunn frå heile verda. Ein av dei norske forskarane som har deltatt i arbeidet med rapporten er biologiprofessor Nils Christian Stenseth ved UiO.. Han vil halda ei innleiing før professor Anthony Barnosky vil presentera heile rapporten på ei tilskiping i Realfagsbiblioteket i ettermiddag kl. 16.15. Då vil også generalsekretær Nina Jensen i WWF-Noreg kommentera innhaldet. Du kan lesa meir om arrangementet her.
Forskarane bak rapporten er dessutan svært uroa over auken i miljøforureininga både i lufta, i ferskvatn, i havet og på landjorda. Dette skader både menneske, dyr og plantar på måtar som ingen kunne ana ville skje for berre kort tid sidan. Også den store folkeveksten på jorda, meiner forskarane er eit trugsmål mot jorda fordi det inneber auka forbruk av ressursane på jorda. Det blir vist til at det i dag bur sju milliardar menneske på jorda og at verdas folketal truleg vil auka til 9,5 milliardar i 2050.Dei fryktar at dette vil føra til at forbruket blant middelklassen og dei rike vil auka endå meir enn i dag.
Forskarane bak rapporten Maintaining Humanity’s Life Support Systems in the 21st Century oppfordrar no politikarar, næringslivsleiarar, religiøse leiarar, forskarar og alle andre til å arbeida hardt for å løysa dei fem globale hovudproblema: klimaendringa, utrydding av dyr og plantar, tap av økosystem, forureining, folkeauken og ressursforbruket på jorda.
For å kunna hindra utryddinga av dyr og plantar, oppfordrar rapporten til internasjonalt samarbeid for å hindra overfiske, verna truga dyreartar og planteliv. Det må lønna seg å freda og verna landområde og artsmangfaldet, meiner forskarane. For å stansa forureininga av jorda, slår studien fast at all produksjon og utslepp av giftstoff i miljøet må stansast. Dei som produserer nye stoff, må kunna prova at dei ikkje skader naturen, og det same må dei som produserer kjemikaliar som allereie eksisterer. Dei slår fast at det i dag vil vera mogleg å kunna erstatte giftige material med nye og giftfrie alternativ.
Når det gjeld eksplosjonen i folketalet på jorda, ser forskarane det som vanskeleg, men ikkje som umogleg å snu den utviklinga. Målet deira er at det skal vera 8,5 milliardar menneske på jorda i 2050, og dagens folkevekst skal berre auka opp til ni milliardar, før verdssamfunnet i samarbeid må klara å redusera folketalet, slik at det kan koma ned i 7 milliardar i 2100. Dei viser til at land som Kina, Singapore, Thailand, Brasil og Sør-Korea har klart å snu veksten i folketalet. I enkelte utviklingsland i Afrika og i Afghanistan er det derimot i gjennomsnitt seks barn eller fleire i kvar familie. For å snu denne utviklinga, vil det vera naudsynt å tilby alle personar tilgang til utdanning, økonomiske moglegheiter, helsetenester, inkludert familieplanlegging, med spesiell vekt på kvinnerettar, heiter det i rapporten.