Alle ser mot nord

– Før tenkte vi at nordområda låg i utkanten av verda. No ser vi at dei er i sentrum, seier Jonas Gahr Støre. Han hevdar at oljeutvinning i område der isen har forsvunne ikkje er aktuelt på kort sikt.

– Arktis har blitt eit nytt geopolitisk verdssentrum, seier Jonas Gahr Støre.

Etter kvart som isen har smelta har nye område vorte tilgjengelege for utvinning av olje og gass. Det er eit stort paradoks at issmeltinga nettopp er forårsaka klimagassar. Nansensenteret rapporterer at det i år er rekordlite is i Arktis. Samstundes anslår andre studier at dei arktiske havområdene inneheld rundt 20 prosent av verda sine konvensjonelle olje- og gassressurser som enno ikkje er funne.

Ikkje for nybyrjarar
– Har det blitt eit større press på utvinning av olje i nordområda ettersom isen har smelta og gjort fleire område tilgjengelege?

– Dei områda der det er opna for utreiing er ikkje islagde i dag. Men at isen smeltar endrar perspektiva på området på ein måte ein ikkje før kunne tenke seg. Sjølv om isen smeltar er det mykje is i området. Det er drivis, kalde temperaturar, polarnatt og mykje fukt. Dette er vanskelege tilhøve å drive komplisert industri i. Dei arktiske områda er krevjande. Dei ligg langt fra marknadane, krev avansert teknologi og er ikkje eit område for nybyrjarar, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre til På Høyden.

Arktis som orkesterplass
Utanriksministeren gjesta konferansen til Det europeiske vitenskapsakademi, som i år har valt å sette fokus på arktis og nordområdepolitikk. Jonas Gahr Støre heldt foredraget kalla «Managing the High North» i Egget i går.

– Isen som smeltar er dels på norsk sokkel, og ligg nær oss. Kva konsekvensar vil det få at klimaendringane no vert gjort synlege i vår bakgård?

– Tidlegare har klimaendringane vore synlege som syklonar i Mexico-gulfen og som tørke i Afrika. No skjer det her. At isen smeltar er det tydelegaste teiknet på global oppvarming. Og no er Arktis orkesterplass for å sjå det, seier Jonas Gahr Støre til På Høyden.

Vil ha arktisk olje og gass
– Det er ikkje aktivitet i Arktis som gjer at isen i Arktis smeltar, sa Jonas Gahr Støre under foredraget.

Utanriksministeren trur på ei gradvis og forsiktig utvikling i utvinning av ressursar i nordområda. Han meiner Norge bør yte sitt for å imøtekome det europeiske kravet om straum, og at gass er å foretrekke fremfor kol, som er det europeiske alternativet.

Alle vil til Arktis
– Det er ikkje eit kappløp mot polområdet. Men det stig fram som ein region som har motteke ei auka global interesse. Nyleg hadde vi besøk av den sør-koreanske presidenten. Han rett kom fra eit statsbesøk på Grønland. Vi må utfordre kald krig-tankegangen. Vi har felles interesser med Russland, og ein avtale fra 2010 om kvar grensene går i arktis, sa Jonas Gahr Støre til dei frammøtte.  

– Har nordområda vore eit område som har fått for lite politisk merksemd og kor dei politiske strategiane har vore for få og for svake?

– Auka merksemd er det fremste endringsteiknet i internasjonal politikk. Merksemda kjem no. Fra oss, fordi vi bur her. Og fra andre land, fordi dei vil henge med, seier Jonas Gahr Støre til På Høyden.

 

Powered by Labrador CMS