Alle skal få nye skilt

Publisert

Eigen fargepalett og eigne fontar skal gjera skiltinga ved UiB einsarta.

Pantone 159 og pantone 377 – eller grøn og oransje. Det er fargane skilta ved UiB skal ha i framtida. Prosjektet «Vis veg til kunnskap» er no avslutta, og arbeidet med å setja opp nye skilt ved heile institusjonen i gang. Først ut er det nye odontologbygget.

– Der testar me ut ein del ting. Det er laga ein plan for og sett av midlar til ein del nye skilt både i år og neste år, seier Åse Tveitnes.

Fargeval og plassering
Ho er sjefsingeniør ved eigedomsavdelinga, avdelinga som har vore ansvarleg for skiltprojektet. Jostein Nyseth har vore prosjektleiar, og Annette Mjørlaug Spord er no skiltansvarleg.  «Håndbok for skilting – Universitetet i Bergen» kom ut i september.

Tveitnes fortel at ei eiga gruppe har jobba med skilting, og at dei har drøfta mange problemstillingar.

– Målsetjinga er å skilta for å informera. Me har sett på profil – ein skal ha ein type skilt som vert assosiert med UiB. Vidare har ein mellom anna drøfta fargeval, plassering og korleis ein kan gjera skilta enkle å lesa.

Norske skilt
Resultatet er ei handbok som fortel mellom anna kor store skilta skal vera, kva font som skal brukast og kva fargar ein skal velja mellom.

– Det vart bestemt at me skal ha norske skilt – ikkje engelske. Det er òg gjort nokre val i forhold til kva namn som skal stå på skilta. Det skal vera lett å finna fram, mellom anna for nye studentar, seier Tveitnes.

Ein del av prosjektet er ein eigen database som skal gjera det enklare å halda kontroll på dei mange skilta som finst ved universitetet.

– Skiltinga ved Uib har vore noko tilfeldig. No skal me få ei einsarta skilting, seier Tveitnes nøgd.

 

Powered by Labrador CMS