Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
12 000 kvadratmeter, med to etasjar under bakken og fire over. Slik vert bygget som no snart skal reisa seg der det gamle odontologibygget stod. I august neste år er det innflytting.
Hit skal Institutt for globale helse og samfunnsmedisin, Institutt for klinisk psykologi, Hemil-senteret, og i tillegg skal Norce, Bergen kommune og Høgskulen på Vestlandet leiga lokale.
— Her vert det 370 arbeidsplassar til tilsette og mellom 300 og 500 studentar, seier Helge Rekve.
Han er ansvarleg for prosjektet hos UiB si eigedomsavdeling.
Vegen fram til ferdig bygg har vore lang. Først var det deler av psykologi-miljøet som absolutt ikkje ville flytta. Deretter vart det ein debatt kring korleis ein skulle innreia bygget. Cellekontor eller ikkje?
Ganske mange cellekontor i det som er UiB sine lokale, viser teikningane. Alle vitskapeleg tilsette med minst femti prosent stilling fekk tilbod om eige kontor. Nesten alle takka ja. Andre tilsette sit i landskap. Det er plassert maks åtte personar i det som heiter ei arbeidssone. I tillegg er det teikna inn både multirom og møterom.
— Kva er eit multirom?
— Det er eit rom som kan nyttast til ulike formål, mellom anna stillerom, møterom eller prosjektrom, seier Rekve.
Det er teikna inn multirom i ulike storleikar.
Heilt korleis det vert sjåande ut inne er ikkje bestemt, men konseptet er valt: Den norrøne hagen. Det betyr at det vert nytta fargar og materiale ein kjenner frå eldre tid, og frå naturen. Etter planen skal eit stort, skulpturelt utforma, tuntre, Yggdrasil, plasserast ved inngangspartiet i første etasje.
— Me håpar å kunne setja stemninga med å plassera eit tre der, og at det gjer at dei som kjem inn både vert nyfikne og samstundes les konseptet i bygget, seier Ingeborg Hopland Nestås.
Ho er interiørarkitekt hos Link arkitektur, som er ansvarlege for det innvendige i bygget. b+b arkitekter har teikna sjølve bygget.
Yggdrasil er verdstreet i norrøn mytologi, og kunnskapens tre. Nestås seier at arkitektane har sett til den historiske staden Alrek, og difor ønskjer å ha nokre element som viser bakover i tid.
Bygget er forma med fire «klossar» eller fingrar som stikk ut.
— Mellom fingrane er det lagt opp til utvendige hagar. Me ønskjer å ta hagane med inn i bygget òg, både gjennom materialval og fargebruk, seier Nestås.
— Det finst mykje forsking som viser at nærleik til natur verkar positivt på oss som menneske.
Sjølve klyngene finn ein i den lange korridoren i kvar etasje, strengen som arkitektane kallar han. Dette er samhandlingsareal og areal der det skal vera gode møteplassar, og utgjer tretti prosent av samla areal i bygget. Studentane skal òg kunne bruka dette arealet. Arkitektane fekk ei klar bestilling: Det er viktig for UiB at studentane trivst, og vert verande.
I bygget skal det finnast både kaffibar, bakeri og ein kafé som skal selja pizza. Men Rekve legg òg vekt på at det skal vera gode arbeidsplassar og stadar å treffa andre.
— Det vert ikkje tradisjonelle lesesalar, heller ikkje tradisjonelle auditorium til undervisning. Me har lagt vekt på uformelle soner og god variasjon, seier Rekve.
Byggetrinn to av helseklynga er allereie ferdig. Før jul flytta mellom anna fylkestannlegen og deler av Institutt for global helse og samfunnsmedisin inn i eit renovert Overlege Danielsens hus. Byggetrinn tre er planlagt som eit nytt bygg på parkeringsplassen utanfor Alrek studentbustader. Her skal det snart vera oppstartsmøte for regulering, men det er ikkje bestemt kven som skal flytta inn.
Fredag ettermiddag kom statsråd Iselin Nybø til UiB. Ho gjennomførte det som truleg er verdas første virtuelle grunnsteinsnedlegging. Ved hjelp av VR-briller og handhaldne kontrollar kunne Nybø besøka byggeplassen, frå nabobygget Odontologibygget, og deretter få ei virtuell omvisning i bygget slik det skal verta.
Her kan du få sjå same filmen som Nybø fekk sjå.