Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Laurdag var tidlegare UiB-arar inviterte tilbake til gamle trakter. Her venta oppdaterte forskarar, kjende forfattarar, studiekameratar frå gamle dagar og ein splitter ny aula. Sjå bileta her.
Laurdag 12. september var det lett overskya. Det var gledeleg for Alumnus-general Janne Lønne. Strålande solskin kunne bety at mange valte bort ein dag innandørs på UiB sin Alumnus-dag.
– Vi hadde 800 påmeldte. Om alle har kome, er noko anna, seier Alumnus-general Janne Lønne.
Gjennom ei rekke parallelle sesjonar kunne dei som faktisk møtte fram få fagleg påfyll om mellom anna selfies, Høgsterett, tsunamiar, overfolking og Ukraina-krisa.
Dei kunne ta del i quiz, høyre bokbad med Ragnar Hovland og Gunhild Øyehaug, lytte til artisten Moi eller gå på valdebatt. «Valgsnakk» med mediehuset 5080 og BT-kommentatorane Frøy Guldbrandsen og Johan Giertsen var det som trakk mest folk til aulaen.
Nettverk eller «nettverk»?
Programmet for ettermiddagen og kvelden var fakultetsvis mingling og fest.
– Kan ei UiB-grad vere identitetsskapande på same måte som ei NHH-grad eller NTNU-grad?
– Ved til dømes BI og NHH har ordet «nettverk» ein litt annan klang, dei ser gjerne på det som positivt. Mange ved UiB er vande til å vere kritiske til å drive «nettverksbygging». Vi håpar uansett at dei opplever det som kjekt å kome tilbake og høyre på kva våre fremste formidlarar har å by på, samt å treffe tidlegare studievener igjen.