Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Ingrid Kristin Torsvik talar Verdas helseorganisasjon imot: Legen med fersk doktorgrad meiner at det er for lenge å fullamma i seks månader.
Forskinga hennar viser at fullamming kan føra til B12-mangel for nokre grupper av barn, som igjen kan føra til forseinka utvikling hos barna.
– Det kan sjå ut som at å amma så lenge som tilrådd kan gi B12-mangel, seier Ingrid Kristin Torsvik.
Nyleg disputerte ho med avhandlinga «B vitamin and iron status during infancy». Forskinga hennar viser at to av tre friske spedbarn, fødde til termin, som hovudsakleg vert fullamma, har moderat mangel av vitamin B12. Spedbarnet sitt vitamin B12-lager ved fødsel er avhengig av mor sitt lager, og utover i ammeperioden fell B12-nivået i morsmjølka.
Vitamin B12 er svært viktig for normal vekst og utvikling. Det kan ikkje lagast i kroppen og må difor verta tilført gjennom kosten.
– Eg er absolutt for å amma barnet, og eg er òg for at ein skal amma så lenge ein klarar. Men ein må vera klar over at mjølka endrar seg i løpet av ammeperioden, seier Torsvik.
Verdas helseorganisasjon (WHO) tilrår fullamming i seks månader. Torsvik meiner at det er for lenge.
– Det er vist i studiar at det er ikkje er nokon negative effektar ved å innføra fast føde frå fire månaders alder, seier Torsvik.
I dag er det mange mødre som fullammar til barna er om lag fem månader gamle. Berre mellom to og ni prosent fullammar eit halvt år.
– Spedbarnsernæringa er no under revisjon. Det vil truleg koma nye retningslinjer i løpet av 2015, seier Torsvik.
Fekk vitamin injisert
Ingrid Kristin Torsvik er overlege på barneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. Men det var då ho jobba som allmennlege og som lege på helsestasjonen at interessa for både B12-mangel og jernmangel kom.
Det heile starta med oppdaginga av at ein del friske spedborn har en moderat vitamin B12-mangel når ein samanliknar dei med eldre barn og vaksne. Skuldast dette umodne organ, eller er nyfødde disponert for ein vitamin B12-mangel? Slik er det med vitamin K og D, som alle nyfødde rutinemessig får tilskot av.
– Me tok blodprøvar av barn som kom til seksvekerskontroll på helsestasjonen. Det viste seg at to tredelar av desse hadde eit moderat lågt nivå av B12. Gruppa vart delt i to, og halvparten fekk B12-tilskot. Då det vart teke ny blodprøve ved fire månaders alder, hadde barna som fekk sprøyte med vitaminet normalt B12-nivå, dei andre hadde framleis ein mangel, fortel Torsvik.
– Det tydar på at mange spedbarn har ein moderat vitamin B12-mangel som betrar seg etter tilskot med vitamin B12.
Vitaminmangel påverka nervane
Som helsestasjonslege såg Torsvik ein del barn som gulpa mykje og som av mødrene vart skildra som litt late – og litt seine i utviklinga. Kunne dette skuldast vitamin B12-mangel? Forskarane gjekk i gang med ein ny studie der dei inkluderte barn som vart sendt til barneklinikken via helsestasjonen. Babyane hadde ernæringsproblem som uttalt gulping, dårleg vektoppgang, gjerne i kombinasjon med nevrologiske symptom som rykningar eller kramper. Nokre hadde òg forseinka psykomotorisk utvikling.
– Me gjorde en såkalla blinda test, og ga halvparten av barna vitamin B12. Etter ein månad vart barna vurdert på nytt. Dei av barna som hadde fått tilskot, fekk ei normalisering av vitamin B12-status, samt ein vesentleg reduksjon av gulping, og ei signifikant betring i den motoriske utviklinga, samanlikna med dei barna som ikkje fekk slikt tilskot, sier Torsvik.
– Vitamin B12 er viktig for både nervesystemet og hjernen. Menneskehjernen utviklar seg aldri så mykje som dei seks første månadane, seierTorsvik.
Overlegen understrekar at ein ikkje veit noko om korleis barn som har hatt B12-mangel vil utvikla seg seinare. Ein har studier som viser at barn med alvorleg B12-mangel over lengre tid, som til dømes har hatt mødre som har levd utelukkande på vegansk kost, har ei dårlegare kognitiv utvikling enn andre barn.
Veks ut av jernlageret
I dag er det slik at barn som veg mindre enn 2500 gram når dei vert fødde, får tilført ekstra vitaminar. Dei barna som har moderat låg fødselsvekt, altså mellom 2500 og 3000 gram, får ingenting.
Torsvik fann at spedbarn som ble brysternært i gjennomsnitt 4,4 månader, uavhengig av jern eller vitamintilskot, hadde eit betydeleg lågare nivå av vitamin B2, vitamin B6 og vitamin B12 samanlikna med spedbarn som i hovudsak fekk morsmjølkerstatning. Dei spedbarna som vart minst amma, hadde ein betre motorisk funksjon.
– Det kan jo tyde på at morsmjølka manglar enkelte mikronæringsstoff som er viktige for den motoriske utviklinga. Om dette har noko å seia for barnet seinare i livet, veit me ikkje noko om, seier Torsvik.
– Me finn òg at dei som vart fullamma lengst, hadde størst risiko for å utvikla jernmangel. Det kan sjå ut til at barna som er fødd med litt låg fødselsvekt som oftast har ein vekstspurt etter fødselen, og dei har en risiko for å veksa ut av jernlageret sitt ved fire-fem månaders alder.
Etter avslutta doktorgrad, jobbar ho no ved seksjon for onkologi og hematologi ved barneklinikken. Men ho vil gjerne forska meir på same emne, og vurderer å søkja ei postdok-stilling.
– Det som er viktig å seia, er at dei studiene eg og rettleiarane mine har gjort, ikkje er gjort på friske barn som er fødde til termin. Dette er barn som anten har vore små ved fødsel, eller som har vorte tilvist til barneklinikken. Eg vil gjerne ha moglegheit til å òg sjå på heilt friske barn, seier Torsvik.