Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang.
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se På Høydens debattregler her. God debatt!
Gulsvik-dommen frå lagmannsretten er, på same måte som tingrettsdommen, eit grundig juridisk arbeid, basert på ei god og forstandig vurdering av bevisa i saka.
Argumenta frå UiB/Helse-Bergen er frå ein isolert juridisk synsvinkel – dvs om ein ser bort frå bevisa i saka – i orden.
Problemet med UiB/Helse-Bergen sin argumentasjon er nettopp at det ikkje eksisterer eit underliggjande faktum som passar inn i det juridiske landskapet som UiB/Helse-Bergen har forsøkt å teikne. Det juridiske kartet stemmer rett og slett ikkje med det faktiske terrenget.
I lys av denne bevissituasjonen vitnar både søksmålet og avgjerda om å anke om ei svak dømmekraft og ei lettvint haldning til spørsmålet om prosessrisiko.
Søksmålet og avgjerda om anke viser også ei personalhandsaming som ein må undre seg over, og som gir grunn til å stille spørsmål ved vurderingsevna til personaldirektøren.
Spørsmåla ein må stille etter denne historia er:
Det er eit paradoks, og nesten tragikomisk, at behovet for opprydding i Innovest vert møtt med det reine amatørskap når det gjeld personalhandtering og evna til å vurdere prosessrisiko i søksmål mot ein tidlegare tilsett og høgt merittert forskar.